Også denne gongen går vi for raude Umbro dressar, levert av G-sport Ørsta. Og vi har fått prisar på to ulike kvalitetar.

Dressane MÅ prøvast og bestillast i veke 21 på klubbhuset.
MANDAG 21. mai kl 17- 18.30
TYSDAG 22. mai kl 18- 19.30
ONSDAG 23. mai kl 19- 20.30
TORSDAG 24. MAI SENDER VI INN BESTILLINGSLISTA

Jakke og genser vert levert med SÆBØ IL trykt på ryggen, og Sæbø IL og Sparebank 1 Søre sunnmøre sin logo framme.

DIAMOND LINED SUIT  er ein klubbdress i vind og vannavisende Micro kvalitet. Enhåndstramming i sidene, borrelåsstramming på armene. Buksene leveres med rette ben med glidelås i leggen og justerbart strikk. Buksen har to lommer med glidelås og reflex piping på leggen.  

Denne dressen er å få i str 116-164 og kostar 600,-
I str XS- 3XL kostar den 750,-

Vegard som er til høgre på bileta har Diamond Lined Suit dressen på.

20120509_210616 20120509_210627
20120509_210638 20120509_210645

 Kristian som er til venstre på bileta har Diamond half zip genser og Diamond training pant.

DIAMOND HALF ZIP er ein genser med glidelås i halsen i TTT/C kvalitet. Ilag med denne vert det levert ei DIAMOND TRAINING PANT som er ei funksjonell bukse i TTT/C kvalitet. Buksa har glidelås i begge sidelommer og glidelåsavslutning i leggen.

I str 116- 164 kostar denne 560,-
Og i str XS- 3XL kjem den på 670,-
20120509_210704

Dersom nokon ynskjer navntrykk på dressane sine kjem det eit tillegg i pris på kr 50,- pr navn. Dette må bestillast ilag med dressane.   

Fint om alle kan hjelpe til å spre denne informasjonen vidare til alle medlemmer av SÆBØ IL slik at alle får moglegheit til å kjøpe seg klubbdress. Håper at oppmenn for dei ulike laga kan sende mail til alle spelarar/ heimar og at trenarar kan opplyse om klubbdressar på trening.

Siste moglegheit for bestilling av dressar er torsdag 24. mai på skulen. Eg reiser til Ørsta etter skuletid og leverer bestillinglista.

For SÆBØ IL