Vi er på leiting etter foto som vi kan få kopiere frå albumar, veggbilete, flyfoto og andre kjelder.

Vi har som utgangspunkt at vi jaktar på foto som fortel om folk og folkeliv, om arbeidsliv og andre aktivitetar saman med naturskildringar, bygningar, dokumentasjon av korleis terreng og naturen såg ut tidlegare (det er mange som tenkjer at den ikkje har endra seg)...

Bryllaup Bård 1893(2)

Bryllaup i Bårdgarden 1893

Sjå berre på dette gamle fotografiet som heng på veggen i Bårdgarden på Øye. Her er mange gode detaljar som t.d. det forbodne, reine norske flagget som er heist. Dette var i unionstida då det berre var tillate å bruke "Sildesalaten" - eit flagg med både norske og svenske fargar.

 

Fotonemnda sitt arbeid vil og vere å finne svar på spørsmåla:

Kven?

Kva?

Kvar?

Når?

Og andre opplysningar om motivet?

 

Under Hjørundfjorddagane vil vi i fotonemnda snakke med folk og notere kven og korleis vi kan få kopiere bilete og innhente opplysningar. Nemnda har fire medlemer, men knyter gjerne til seg fleire som har interesse for dette dugnadsarbeidet.

Nemda er: Ivar Svein Mo, Knut Riise, Per Urke og Torbjørn Urke.

Til no har vi desse kontaktpersonane: Knut Hustad, Eldbjørg Tvergrov og Synneve Aarskog.