Volda mannskor har sunge i 91 år, og i dag er det med 34 aktive songarar. Kameratskap og songglede har og skal vere koret sitt varemerke. Musikalsk er dei opptekne av å ta vare på den lokale songskatten, og  på repertoaret står namn som Johan H. Grimstad, Peter Eiken, L. Tjensvoll og S.H. Geitvik. Volda mannskor skal i løpet av sommaren på turne til Italia og dette vert ei generalprøve på det dei skal framføre der.

Bjørn og Svein Årseth

Brørne Årseth ættar frå Hjørundfjorden, og Svein har til dømes spelt hovudrolla i «Jesus Christ Superstar» hjå Trøndelag Teater, spelt hovudrolla i «Sweeney Todd» saman med Elisabeth Andreassen og hatt roller på Chat Noir, Chateau Neuf og Det Norske Teater.

Broren Bjørn har også hatt ei lang karriere innan musikklivet, og har Master of Music frå University of Northern Colorado, med spesialisering innan piano og trompet. Bjørn arbeider som messingpedagog, underviser i piano og keyboard og har erfaring som korpsdirigent, teatermusikar, freelancemusikar og som musikklærar i grunnskulen. Bjørn er tilsett i Kulturskolen i Bamble kommune.

Peter Dougherty

 

Peter er 15 år og  frå Volda. Peter er elev ved Volda kulturskule og spelar fiolin. Han har spelt fiolin i 11 år og spelar i Volda Høgskules orkester, og NUSO (Norsk Ungdoms symfoniorkester).  I tillegg spelar han bratsj i Volda /Ørsta ungdomssymfoniorkester.  Han har m.a. framført fiolinkonsertar av Bruch og Mendelssohn saman med orkester her i distriktet.

Draumen til Peter er å fortsette å utvikle sitt talent, og bli profesjonell musikar. Målet er å reise til ein storby for å ta undervisning hos ein kjend utøvar/pedagog.

www.hjorundfjorddagane.no