Rett nok litt kjøleg, men i slutten av april/byrjinga av mai hadde vi nokre fine dagar og kvitveisa såg ut til å ha gode dagar.  Men kva med denne helga - konfirmasjonshelga?   Vërmeldingane var ikkje så lovande, og det synte seg, diverre, at meterologane skulle få rett.  Laurdag og søndag fekk vi nok ein gong snøbyger.  Slikt noko brukar ikkje konfirmantforeldre å like, men hovudpersonane, konfirmantane, såg ut til å ha det svært så fint og hyggeleg likevel.

Konfirmasjon 001 copy Konfirmasjon 006 copy
Kvitveisene sleit i snøbygene på søndag, men det vart ein flott konfirmasjon likevel

Det vart då likevel ein høgtidsam konfirmasjon i Hjørundfjord kyrkje leia av sokneprest Rolf Dyrhol.

Konfirmasjon 021 copy
Her ser vi i bakerste rekkje, frå venstre: Jørgen Andreas Mo, søkneprest Rolf
Dyrhol, Stian Angus Berg og Joakim Skår Ville.  I fremste rekkje frå venstre:
Therese Louise Aarskog, Marta Riise, Lise Stokke og Tine-Iren Hustad