Standal 1

På dette oversiktsbiletet ser vi ferjekaia nærast, vidare noverande utskipingskai for Standal Knuseverk  og lengst bak ser vi den nye kaia. Mellom dei to siste ligg den gamle  Standal-kaia.

Gamlekaia

Rekna sørfrå har den nye kaia den eldste Standal-kaia som nabo. Det var her rutebåten la til. Skiltet mot fjorden markerer St. Standal, dvs. Store Standal. Her vart meierispanner og formjølsekkar handterte saman med anna gods og reisande. Ikkje minst kunne det vere hektisk her i beste skisesongen då ålesundarane i flokkar skulle til Standalhytta på Standaleidet.

Standal 2

Gamlekaia er skilta St. Standal. Det står ikkje for Sankt Standal, men for Store Standal. I dag brukar ein gjerne Standal om denne bygda og Ytre Standal om bygda som før vart omtala som ”Likkje-Standal” (dialekt).

Neste kaia er den gamle utskipingskaia til Standal Knuseverk og endeleg ligg Standal ferjekai. I høve til folketalet, må fire kaier i bygda vere ein solid kai-rekord.

 

Nyekaia kan ta mot cruise-skip

Standal 3

Her ser vi den nye kaia til Standal Knuseverk som nærmar seg fullføring. Eigaren vil sjølv presentere kaia når det heile kan innviast og då får ein med både detaljar. kostnader og lastemetode som skal brukast.

 

På entreprenør A.Våge AS si heimeside ser vi at Standal Knuseverk har signert kontrakt for Totalentreprise på ny utskipingskai.  Kaia med tilhøyrande dykdalber skal inngå i nytt utskipingsanlegg for sand og stein. Anlegget vert utført som djupvasskai, slik at den for framtida eventuelt kan nyttas som cruisebåtkai.

Dykdalber vert omtala som frittståande pelar ute i sjøen og fungerer som støtte for dei lengste skipa.  Dykdalber er avleia av namnet til hertugen av Alba, Duc d’Alber, som fann opp pelverket.

225px-Dykdalb

Ein dykdalber er ein frittståande konstruksjon av pelverk ute i sjøen. Den fungerer som støtte og for dei lengste skipa. Dykdalberane er ikkje komne på plass til no ved nyekaia.

På heimesida opplyser Standal Knuseverk at anlegget fullt utbygd kan laste skip opp til  10.000 tonn – mot no 1.900 tonn.  Dagleg leiar, Asgeir Standal, ønskjer å vente med å presentere det nye anlegget når det er ferdig og skal opnast.

Denne artikkelen er såleis berre ei konstatering av det vi ser når vi er på Standal og opplysingarar som er gjort kjent tidlegare.

Gamlekaia til Knuseverket

Denne konstruksjonen har vakse frå ein ferjekai-lem til noverande kai. No tippar vi sand og stein rett om bord i båten frå lastebilane eller hjullastar. Vi reknar med at Standal Knuseverk  avviklar denne lastemetoden. Det er ikkje til å kome frå at konstruksjonen heller ikkje er nokon prydnad for bygda og strandsona. Dette utskipingsanlegget  vil vi tru bli fjerna når den nye kjem i full drift.

Standal 5

Vi reknar med at de gamle kaia til Standal Knuseverk vert demontert når den nye er ferdig. Konstruksjonen har ein dominerande plass i strandområdet og kan vel knapt kallast ein ein prydnad for bygda.  Men la det og vere nemnt at utan ei slik kai ville neppe Knuseverket kunne fungere effektivt.

Ferjekaia

Ferjekaia på Standal, lengst mot nord, kom på plass då vegen til Festøy vart bygd og rutebåten på fjorden vart innstilt. Kaia har hatt ei viss teknisk opprustning nyleg.