Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Mohns topp 025 copy

Nei, det er vel heller ikkje Karius og Baktus som har laga dette store holet i tinden som vert kalla Holtanna, veslebror til Mohns Topp.  Men er du på jakt etter ein vårskitur som ikkje "alle" har gått før, er denne Molladalstinden absolutt eit alternativ.


Holtanna II IMGP9773 copy (2)
Her ser vi eit kartutsnitt der ruta vi gjekk er teikna inn - omtrent same rute både opp og ned.  På foto til høgre er ruta teikna inn på eit arkivfoto - teke frå Tungremtindane på motsett side av Hjørundfjorden.

Litt fakta Vi starta turen på taket av det etter kvart berømte rasoverbygget, men svinga innover til Ystenesdalen der vi gjekk opp.  Turen ein veg er ca. 4 km.  Vi møtte snøen på ca. 500 høgdemeter.  Dei siste 30 meterane til toppen vert rekna som klatreterreng, om enn ikkje så vanskeleg, grad 4.

Sledevegen inn til Ystenesdalen var som vanleg vakker, men i første del av denne dalen såg det ut som om ei stor gravemaskin hadde gått berserk.  Det er utrulege krefter i snøskred.  Ser vi vekk frå kryssing av elv, var turen heilt opp til skaret mellom Holtanna og Mohns Topp likevel problemfri.

002 copy _IGP9831bFred Ingar(t.v.) valde å vere ferdigpakka då han køyrde frå Volda. Elvekyssinga(t.h.) i Ystenesdalen var ikkje heilt enkel på oppturen, men...

Mohns topp 161 copy
... elva var endå større då vi kom ned att ut på ettermiddagen.

Både om haust, vinter og tidleg vår ligg mykje av den øvste Ystenesdalen stort sett i ein kald og mørk skugge, men no hadde ikkje berre sola klivra seg opp på Slingsbys Topp, ho hadde til og med kome seg vidare oppover i lause lufta.  Dermed låg Ystenesdalen bada i sol med den "fantastiske villskapen", som forfattarane av boka "Skiturar i Sunnmørsalpane" skriv.

Mohns topp 008 copy
Her har Fred Ingar kome påå til det flatare partiet i Ystenesdalen.  Slingsbys Topp ligg til venstre, Holtanna omtrent midt på med Mohns Topp rett til høgre for den topppen igjen.

_IGP9841b
Holtanna til venstre - ser du holet?, Mohns Topp til høgre.  Vi gjekk på ski heile vegen opp til skaret mellom dei to toppane. Denne renna er ca. 35 grader bratt.  Det vart ei fin nedkøyring.

_IGP9851b
Og så kjem endeleg underteikna seg opp i skaret også.  Fjellet til høgre er Slingsbys Topp.  Fjorden lenger bak er - akkurat; Hjørundfjorden.


Vi sette frå oss ski m.m. i skaret, gjekk til fots opp forbi holet og klatra den siste delen.  Berre så det er sagt:  Er det klatring du er ute etter, må ein vel kunne seie at det vert ein lang anmarsj for lite klatring...

_IGP9853b Mohns topp 043 copy
Frå klatredelen - Fred Ingar har nådd toppen

Mohns topp 056 copy _IGP9855b
På foto til høgre ser vi at det framleis er mykje snø att i Molladalen.


Under ser vi to foto frå toppen av den ca. 1280 m høge Holtanna.

_IGP9865b _IGP9857b
Ikkje den høgste toppen, men der og då absolutt den beste å vere på. Foto til høgre: Mot søraust, frå toppen.

Mohns topp 135 copy Mohns topp 145 copy
Oppdraget er utført, Holtanna har hatt dagens besøk.

Så er det berre luksusen som står att (vi tenkjer ikkje no på dei tunge sekkane som må berast med ski på dei siste 500 høgdemetrane), turen ned på ski.

Mohns topp 148 copy Mohns topp 156 copy
Ca. 35 grader bratt her, men det er ikkje eit skorpelag sjølv om sola har gått ned - sikkert 15 grader pluss i lufta.

_IGP9893b
Skal vi driste oss til påstanden: Holtanna ein lite påakta skitopp?

Takk for turen.

Eit foto til slutt som syner snøskred sine krefter.

Mohns topp 004 copy
Frå området der vi gjekk inn i Ystenesdalen.