Tur på Gamlevegen frå Villane til Skibakken!
Vi starta på Villane og gjekk med friskt mot.
Tenk ein måndagstur i strålande sol.
Vi var sju som starta og heldt eit godt tempo.
Det er god utsikt frå Villane mot fjorden.
Godt tempo for spreke damer.
I det fjerne såg vi ein person kome etter oss, så vi stansa og venta.....
Det var Torill som kom, så no var vi åtte.
Mykje å sjå på Gamlevegen, her eit gammalt trerør,
ikkje så mange slike å sjå lenger.
Gamlebonden har jobben med å gjerde garden.
Olav kjell i full sving.
Her sto "Rindastova" som no er flytta til Årskogane.
Tørt og fint på vegen,og for ein utsikt i finevêret.
Kari, med "Jo- fonna" i bakgrunnen.
Kari kan huske at fonna tidt og ofte gjekk over gamlevegen,
og eit godt stykke mot nyevegen.
Lettbeinte damer i himmelsjå, like nedom Valset.
Ein liten hund ynskte oss velkomne når vi kom fram til hovudvegen,
"Dagmar" har knekt toppen av den store grana.
Litt akrobatikk må til for at vi ikkje skal verte våte på føtene.
Det gjekk bra, og vi fekk eit artigt motiv.
Då vi kom fram til Eidet, vart vi enige om å ta toppen
av Skibakken i same slengen.
Bodil, Torill, Eldrid, Helga, Norunn, Kari, Unni, Irene og Jorunn.
For ikkje å gjøyme Theo som heldt oss med lag.
Her er vi komne til Skibakken "Hyttepanorama".
Snøhornet kneisar i bakgrunnen.
So rusla vi heimatt i sol ei stund til.
Passerte ein flokk våryre hestar, med føll, på Valset.
Takk for fyljet.
Neste måndag er det Frølandsetra som er målet.
Litt vått og kanhende litt snøv, så hugs gode sko.
VEL MØTT!
Kommentarar