Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Administrator Ivar Svein Mo slår på storetromma.  Er du den første som greier å finne ut kva slags bunadar - eller er alt bunadar? - som er på fotoa under, vinn du eit gåvekort på kr. 500,- hos ein gullsmed.

Det er sjølvsagt heilt feil å kutte hovudet av personane under på ein dag der dei er på sitt vakraste, men når konkurransen vert avslutta, truleg søndag kveld, lovar eg å byte desse bilete med den ukutta varianten slik at vi får sjå kven personane er.

Greier du ikkje å finne ut alle svara, men likevel vil vere med, sender du svaralternativa til knut.hustad@tussa.com.  Evt. kan du  sende svar som tekstmelding til telefon 920 39767.  Hugs å opplyse namnet ditt, adressa og gjerne også telefonnummer.  Kjem du med svaret i kommentarfeltet under, vil du berre hjelpe andre til å løyse oppgåva...

Alle fotoa er tekne på 17. mai på Sæbø/i Bondalen.

1 2
Bundad 1:  Margreta Aklestad 
Bundad 2: Trine Lønes Gule

3 4 og 5
Bundad 3, Bjarne Rekkedal Bundad 4 og 5: Synneva Rekkedal og Sunniva Fjørtoft

6 7
Bundad 6: Elisabet Aklestad  
Bundad 7: Jan Rune Ville

8 9
Bunad 8: Brit Eikrem                                            Bunad 9: Anne Thi Håndlykken

10 og 11 12
Bunad 10 og 11: Silje Aune og Kristine Godø   Bunad 12: Hildegunn Rotnes

                               

13 og 14 16
Bunad 13 og 14: Sølvi Rekkedal med dottera Nora i dokkebunad(Sunnmør) og Ingvil Flatnes  Bunad 15: Bunad 16: Ann-Christin Andersen

 

17 og 18
Bunad 17 og 18: Sunniva Stokke og Anna Moan

Her er 18 ulike personar med ulike plagg.  Kva heiter dei ulike bunadane/plagga på dei ulike fotoa?  Meiner du t.d. at bunad 17 er ein Sunnmørsbunad, skriv du det.  Til meir presis du er, til betre er det.  Du må sjølv avgjere om du ser fleire av same slag.

Send svar til knut.hustad@tussa.com snarast råd.  Konkurransen vil i alle høve vare fram til søndag kveld.

-----------------

Tusen takk til alle dykk åtte som har delteke i denne litt uhøgtidlege bunadskonkurransen.  Og her kjem fasiten:


1. Nordfjordbunad
2. Romsdalsbunad (Bolsøy)
3. Hjørundfjordbunad
4.Hjørundfjordbunad, dame
5. Ørskogbunad
6. Ørstabunad
7. Sunnmørsbunad, herre
8. Rogalandsbunad, kvinne
9 Kystdrakta
10. Indre Sognebunad
11. Vigrabunad
12.Sunnfjordbunad
13. Ørskogbunad, svart
14. Ørskogbunad, blå
15. Sunnfjordbunad, anna variant
16. Bardu- og Målselvbunad
17. Nordlandsbunad
18. Trønderbunad

Over ser vi ein kopi av det første rette svaret som tikka inn - laurdag 19. mai klokka 2250.  Og han som kom med det første rette svaret er Håvard Myklebust, den unge fjellmannen og naturfotografen frå Bjørke/Skjåstaddalen.  Håvard kan vente seg eit gåvekort i posten.

Therese Holen hadde også alt rett, men svaret hennar kom inn ca. 50 minutt seinare.  Dessverre.
Som de ser, er eg enno litt usikker på eit par namn - eg gløymer for raskt, men namna skal vere på plass om ikkje lenge.

Heilt til slutt seier eg tusen takk til dykk alle som er fotografert - eg fekk ja frå absolutt alle eg spurde.  Eg eg klar over at å fotografere oppover ikkje alltid er den beste fotovinkelen, men eg gjorde for å sleppe så mykje asfalt på bileta.

Meiner nokon at det er feil i fasiten, ber eg om ein merknad i feltet under.  Kom gjerne med andre merknadar og synspunkt i kommentarfeltet.