Han flytta til Sykkylven og har vore her ofte på besøk, men eg har aldri treft han før.
Han var svært aktiv kar her i bygda. Spelte i Hornmusikken, på fotballaget, og var ein ivrig fjellmann.
Det var eit bilete han tok av bror Arne og meg i Skondalen ein tidleg søndag morgon som gjorde at han tok kontakt. Det var så uvanleg å treffe på ungdom til fjells at det hadde gjort inntrykk på han.
Han sjølv var fråhaldsmann og låg sjeldan frampå søndagane. Då gjekk han i fjellet, ofte på stader han ikkje visste namnet på. Ein gong hadde han sansynlegvis vore på Skårasalen. Vel nede mot Kvistad traff han Bakke- Anton. Men då han ga opp tida han hadde brukt på turen så stemte det med terrenget, men tida han hadde brukt var for kort til at det kunne vere Skårasalen, meinte han.
Eg spurde om han hadde bilete frå denne tida. Og her er dei, scanna frå dias. Dobbelklikk for å få dei større.
Nr 1 Kvistadsetra 1959
nr 2 Rasting ved Kvistadsetra 1959
nr 3
nr 3 Utsikt mot Kvamsedalen
nr 4 middagskoking ved Kvamsedalsvatnet. Legg merke til radioen.
nr 5. Kameratar ved prestegardsmuren 1959. Nr 2 f.høgre er Bjarne Flisnes. Kven som brukte fotoapparatet til Flisnes er ukjent.
nr 6. Regatta på Sæbø 17. mai 1961.
nr 7. Orientering og start v/ Oskar Sæbø.
nr. 8. Starten har gått. Legg merke til kor snautt det var i Hustadnesstranda.
nr 9 . Vinnaren var frå Trandal.
nr 10. Diskusjon etter målgang. Her var det mange kjende for oss som har vore i live ei stund.
Har slakka på borrelåset i hua, fått hjelp til å speilvende dei 2 bileta og lagt det inn på nytt med eit ekstra bilete.
Kanskje får eg fleire bilete frå Bjarne seinare.