Medan andre deltok i den tradisjonelle 17.mai gudstenesta var grautkokarane på plass på skule-kjøkkenet.
Her er Jørund Mo som tek eit tak i grautpanna.
(foto Rune Sæbønes)
Elevar frå Sæbø skule la ned blomar ved Bautasteinen. I år var det Nordahl Grieg sitt dikt "Til ungdommen" som var tema.
(foto Rune Sæbønes)
Generasjonskorpset avslutta sermonien ved bautaen. | Folketoget hadde sin faste runde i Sandvika |
Generasjonskorpset med sin leiar, |
Kanskje for siste gong rundar folketoget svingen rundt bautaen i noværande form |
Og folketoget stoppa ved sjukeheimen som vanleg |
Nasjonalsangen vart spela.. |
Og då korpset spela nasjonalsongen vart det vist aksomheit og respekt av "store og vaksne".... |
.... og sjølvsagt med borna. |
Då var Øyragata nesten fylt i heile si lengde av folketoget.
Folkefesten i den nye gymsalen
Etter 17.mai gudsteneste, tale ved bautaen, folketog og matsal på Klubbhuset, Bedhuset og i gymsalen, var det tid for folkefest.
Festen opna med song frå borna i 1.-2. og 3. klasse
Så fekk vi oppvisning i ballett frå elevar ved balettskulen.. |
Og barnekoret med sin leiar Marie Austrheim ved pianoet. |
Bjarne Rekkedal var dagens talar på folkefesten (Til den som kan lese Møre-Nytt, les talen her)
Ungdomstalen vart halden av Marta Riise, Jørgen Andreas Mo, Lise Stokke og Therese Aarskog
Martine Follestad introduserte Egil Olsen | Egil Olsen var den stor overaskinga på folkefesten |
Noko som vi på Sæbø tek som ei sjølvfylgje er korpsmusikk. At vi har eit korps og tilogmed eige
generasjonskorps i den kvalitet som vi har, er berre heilt fantastisk. Her takkar leiaren
Oddhild Kalvatn for seg til stor applaus frå salen.
Og primus motor for mykje av underhaldninga Ingvil Flatnes, takke dei to flinke programleiarane frå 10.klassa, Sunniva Boye Olsen og Aleksander Skogheim
17. mai 2012 kan oppsummerast som ein vellukka og kjekk dag. At vi har fått ny gymsal for å halde folkefesten i, var noko som alle sette pris på. Her var det nok plass for alle og med eit godt lydanlegg som gjorde det til ei oppleving å kunne få høyre dei flinke elevane som hadde laga eit program som falt i smak for fleste.
Program og innhald; terningkast 6.
Kommentarar