Fastbuande og tilreisande samla seg som vanleg ved Patchellsteinen kl.12.00. Toget gjekk nedover til Øye sentrum, forbi Union hotell og deretter tilbake til den gamle skuleplassen. Som alltid var der allsong i toget. Sørumsokningen Stig Ingebrigtsvoll stilte som flaggberar, og i toget var der representantar frå både Trøndelag, Austlandet, Harstad og Sogn.
17.mai toget på Øye 2012. Sørumsokningen Stig Ingebrigtsvoll stilte som flaggberar, og i toget var der representantar frå både Trøndelag, Austlandet, Harstad og Sogn.(foto Frode Øye Mork)
Komiteen lei kvalar kvelden før om ein skulle våge seg på utearrangement, men då regnet såg ut til å halde seg i ytre strøk, vart det samling, tale, leikar og is på skuleplassen.
Mariann Øye Mork held 17.mai talen på på Øye (foto Frode Øye Mork) |
Talar i år var det ho sjølv karakteriserar som ”lokal råvare”. Mariann Øye Mork har markert seg som ei ung dame med stort pågangsmot og som ein godt synleg hotelleiar. Frå talarstolen fekk vi høyre om dei viktige prinsippa grunnlova vår er tufta på, og kor viktig tankane om fridom, menneskeverd og solidaritet er nettopp etter det som skjedde 22.juli. Med ei raud rose på flagget, markerte ho nasjonaldagen slik sosiale medium oppfordra til. Elles trakk ho fram verdien av det å bu og virke i ei lita bygd som Øye, og kor viktig det er å halde oppe dugnadsånd og initiativ i små grender. Bøndene var heller ikkje gløymde, og fekk ros og godord frå talarstolen frå ein talar som slo eit slag for den lokal råvare.
Etter leik og is var der tid for å varme seg ved peisen og nyte buffé på Union hotell.
Kveldssamling på Konsul Endresens Minne har lang tradisjon på Øyelandet. Tilreisande og bygdefolk samlast til program, allsong og ein matbit.
På scena starta barneteatergruppa med flotte og lattervekkande innslag leia av Edith Flakk. Tre lokale studentar kom deretter med muntre sleivspark i form av sjølvkomponert sketsj til nokre av bygda sine mannfolk. Bernhard Fivelstad Pedersen runda av programmet med vakre tonar på fiolin. Kvelden vart avslutta ved at Steffen Nordang las frå bygdebladet Brage, ein lokal variant av Se og Hør der krumspring og hendingar i året som er gått vert behørig kommentert.
Marthe Ruud
Kommentarar