"Ver så god"!

Eg var altså så "svinheldig" ein dag for eit år sidan då ruteflyet frå Oslo la seg i ytre leia og eg sat med kamera klar. Nokre skyer dekte enkelte toppar. Ein ser langt inn over Romsdalsfjella i bakgrunnen, men det er dei nære fjella eg helst vil ha tilbakemelding om. Og at det var Urkebygda eg fekk midt i sentrum på det beste biletet, ser eg sjølvsagt ikkje som ein ulempe.

La det vere klart at vi har mange lokalnamn som ikkje vert brukt i "offisiell" samnheng, t.d. på karta. Eg har brukt kartnamna, men t.d. Seilen eller Saudedalen finn eg ikkje på kart. Det er og slik at same fjella har ulike namn i Hjørundfjorden og i Sykkylven. Eg har stort sett heldt meg til Hjørundfjordnamna, men på Grøtdaltinden brukar eg begge.

Dersom det er nokon som ønskjer biletet i originalfil eller namnssett (kvar ca. 4 Mb), kan eg gjerne sende det i e-post. Det gir høve til å gå inn og fokusere/forstørre. Det er fotoet utan namn som viser best fjella i bakgrunnen. Mi e-postadr. er: per.urke@mimer.no . Det er ikkje knytt nokon copyright til dette biletet, så "ver så god".

Biletet lagt inn i to versjonar, eitt med tekst og det neste utan tekst.

Med tekst:

Kjent fjord 4 - Kopi

 

 

Og utan namn:

Kjent fjord 4

Det går an å klikke på bileta og få dei i større versjon - vil er håpe!