Grendalagsbasaren
Denne basaren har gjennom ein heil generasjon vore avvikla på Kristi Himmeldartsdag. Men i år fell Himmelfartsdagen saman med 17. mai, og difor er det bestemt at basaren skal leggast til laurdag, 28. april.
Tidsramma er sett til start kl. 14.00 og slutt omlag kl. 18.
Det brukar å vere fullsett på Grendahuset under basaren. Slik var det og i fjor då salen var utvida til 140 sitjeplassar
Det vert - som vanleg - servert gratis kaffi, bløtkaker, lefser og vafler. Til borna blir det ei flaske brus som drikke.
Nelly Urke har leia denne basaren gjennom fleire ti-år og held fram i denne rolla. Ho nemner at det er omlag 200 gevinstar og set skal godt gjerast å gå tomhendt heim. Ho har høyrt at borna kalla denne årlege begivenheita for "årefest". Det har samanheng med at ein til utlodningane brukar dei gamle, handlaga årene med fem nummer på kvar.
Basargeneralen sjølv - Nelly Urke
Resultatet at Grendalagsbasaren er det viktigaste grunnlaget for økonomien for dei oppgåvene grendalaget skal drive.
VEL MØTT TIL GRENDALAGSBASAREN LAURDAG, 28. APRIL kl. 14.00 - 18.00
Kommentarar