Det var ikveld duka for årets første heimekamp for Sæbø mot Hareid 2. Sæbø åpna kampen med eit høgt press, utan at det blei dei heilt store sjansane ut av det. Det blei slått mykje langt i bakrom mot Svein Ivar Moltu, men pasningane blei ofte upresise og gjekk som regel heilt inn til keeper. Sæbø fekk ikkje til det heilt store spelet, og midtbana blei brukt i alt for sjeldan grad. 

Etter kvart tok Hareid meir og meir over, Sæbø slurva frykteleg mykje i oppbygginga av angrepa og Hareid braut ofte høgt i bana. Etter 35 minutt tok dei og leiinga etter slurv i Sæbø forsvaret. 

Men det tok ikkje meir enn knappe 2 minutt så var Sæbø ajour. Sæbø fekk frispark ca 25 skrått frå mål. Ballen blei slått høgt inn i feltet, og der steig nykommaren Martin Sandbakk, som har vakse opp høgt oppe på ei fjellhylle i Oppstryn, i lufta og gjorde som dei andre store fotballspelarane som kjem frå Stryn, han hedda ballen i mål. 1-1. Og berre minuttet etter blei Svein Ivar Moltu spelt gjennom av Kristoffer Valseth. Han prøvde å runde Hareid sin målmann, men blei felt og fekk straffespark. Dette tok Moltu sjøl og sende ballen og keeperen kvar sin veg og Sæbø var plutselig i leiinga. Denne sto seg til rett før pause, då utlikna Hareid på ei hedding etter corner. 

Andre omgong tok Sæbø litt meir over, det vart skapt ein del halvsjansar utan dei enda i scoring. Midt i omgongen tok Hareid leiinga, nok ein gong etter corner. Men Sæbø gjorde som i første omgong, dei utlikna umiddelbart. Det var Jon Martin Moe som strålande spelte Yngve Frøland fri, og åleine med målvakta gjorde han ingen feil. 

Sæbø hadde ein del sjansar etter dette, både ved Moltu og Stian Storeide, men begge sine avslutningar enda utanfor. Ti minutt før slutt fekk Hareid ein stor målsjanse da plutselig ein spelar kom åleine med keeper, men Kiwi Mjøen redda strålande. Då kampen var i ferd med å ebbe ut med 3-3 blei Svein Ivar Moltu spelt igjennom, men åleine med målvakta skaut han desverre utanfor.

Ein litt rotete kamp frå Sæbø si side, skal laget kjempe i toppen denne sesongen må dei nok heve seg monge hakk.