Kan eg gå på Kolåstinden på Skjærtorsdag? Kva med vestryggen til topps på Sylvkallen - er han avblåst? Er vegen inn til Kvistadsetra køyrande no? Er det best å gå på Insterenna om eg vil på Nordre Sætretind?
Spørsmåla frå toppturfolk er mange. Og der ute er det mange av dykk som har informasjon - informasjon som mange lurer på.

Underteikna Knut Hustad på veg mot Svintinden 3. mars. I bakgrunnen ser vi Molladalen og m.a. Randers Topp. Foto: Fred Ingar Somby.
Ein ting er sikkert - det er svært mykje nysnø i høgfjellet. Og sjølv om skifolk er glade for nettopp det vert likevel dei fleste usikre - er det skredfare der eg har tenkt å gå?
Vi gjer det enkelt: Har du vore på ein fjelltur så kom gjerne med informasjon om føreforhold og evt. skredfare.
Skriv gjerne ein kommentar om turen din i kommentarfeltet under. Eller: Ta kontakt med underteikna og eg vil evt. så legge ut informasjon i denne artikkelen/i kommentarfeltet under.
Ta kontakt med meg på tlf. 920 39767 (helst som SMS), eller kanskje er det best å kontakte meg på e-post: knut.hustad@tussa.com
Får eg inn informasjon vil eg legge ut opplysningane kvar kveld no i påska.
Hjørundfjordfjella er kanskje mest aktuelle, men har du vore på andre fjell i kommunen - eller i nabokommunen Volda, kom med informasjon.
Eg er klar.
-----------------

Foto frå Langfredag. Som vi ser - glimrande forhold heilt til topps av Kolåstinden.
Fantastiske forhold (09.04.2012 kl. 12:06)
Sjølv om ein må gå heile vegen frå Kvistad p.g.a. mykje snø, var det 1. påskedag ei gruppe som var til topps på Skårasalen og rann deretter ned Lisje-Skåradalen til Skår. Dei melder om fantastiske forhold - kan ikkje bli betre. Dei rann heilt ned til brua over elva(nokre litt til) Trass i snøvêr var sikta bra.
Knut Hustad
Påskeaftan (07.04.2012 kl. 23:43)
Største problemet i dag: Periodevis blindeføre p.g.a. bygever. I fjella sine sørsider var det i lågare strøk(under 1000 m) eit tynt skorpelag p.g.a. soloppvarming og ei kald natt.
Kolåstindområdet: Fortsatt glimrande forhold for skikøyring ned brefallet.
Skårasalområdet: Har fått opplyst at det var mykje snø, men flotte forhold ned Lisje Skåradalen. 9 personar kom ned til Skår i dag. Dei bar ski dei siste 200 høgdemeterane. Turen kan tilrådast.
Knut Hustad
Kolåstindområdet/brefallet (06.04.2012 kl. 23:05)
Glimrande snøforhold, ca. 10 cm nysnø i løpet av morgontimane pluss mykje "gammal" nysnø. Vi både gjekk opp- og rann ned brefallet. Turen bar preg av bygevêr - til tider skodde og snø og lite sikt. Så letta det opp igjen og sola kom fram.
Småfonner hadde gått ved inngangen til Kvandalen før siste snøfall, ingen teikn til flakskred der vi gjekk opp eller rann ned. Sjå foto til slutt i artikkelen.
Knut Hustad
Fingeren/Heimste Kopphornet (06.04.2012 kl. 00:06)
"ons: Snudde på ca 900 moh på Fingeren pga dårlig sikt og vind. Gravde snøprofil på ca 850 moh v storrenna fra Noklene. Kun mindre tegn til kollaps ca 50 cm ned ved fjerde slag fra skuldra. Løst 10 cm. topplag på stedvis tynn skorpe. Så ingen fersk skredaktivitet, men noe mindre ras/føyke fra Noklene.
tors: Korttur mot Heimste Kopphornet, retur på ca 900 moh. Nedkjøring knapt 30 grader, stabil og tung kramsnø. Tegn til flakdannelse - ca 10-20 cm - i høyden på skuldra NV. Par mindre sørpe/dråpeskred i bratt vesthelling.
Vi vurderer Randers eller Dalegubben i morgen/lørdag. Svært takknemlig for innspill vedr. skredfare!"
Denne kommentaren kom inn no Skjærtorsdag kveld. Tusen takk.
Knut Hustad
Kolåstinden (05.04.2012 kl. 23:13)
I kveld fekk eg kjennskap til ei gruppe på knappe ti personar som hadde vore på Kolåstinden i dag. Flinke skifolk, men dei rende ikkje ned brefallet p.g.a. dårleg sikt. Kjenner ikkje til føreforholda.
Knut Hustad