Med eitt støyt i hornet markerte kaptein Åsmund Nerlid ombord på MF "Goma" at den nye ferjekaia på Sæbø var opna og teken i bruk. Og etter nokre anløp kunne han også slå fast at nyekaia fungerte akkurat slik som ho skulle.
Den nye ferjekaia på Sæbø fungerer perfekt - også ved svært låg fjøre slik det var klokka 1020 i dag, torsdag 12. april 2012.
Foto t.v.: Kaptein Åsmund Nerlid (t.v.), maskinsjef Jostein Mo og byggeleiar Marianne Nærø frå Statens Vegvesen var i føremiddagstimane i dag svært nøgde med at nyekaia var teken i bruk og såg ut til å fungere slik som ho skulle. Foto t.h.: Lærling Fredrik Skjelle(t.v.) og matros Mathias Aarskog (t.h.) var og nøgde med den nye ferjekaia på Sæbø.
Både små og store køyrety kan no køyre ombord i ferja utan problem.
John Urkegjerde(t.v.) held tommelen opp for nyekaia. Bakar Dagfinn(Daffa) Strand, som bur like ved nyekaia, flagga i høve den store dagen.
Byggleiar Marianne Nærø, Statens vegvesen.
- Marianne Nærø, du er byggleiar for denne nye ferjekaia, no ser det ut til at vi endeleg har fått ei velfungerande ferjekai her på Sæbø, men alt er vel ikkje heilt ferdig?
- Ja, det ser ut til at alt fungerer slik som vi hadde forventa på førehand, men det er korrekt at ikkje alt er ferdig. Den gamle ferjekaia skal fjernast, det skal murast og asfalterast. Enkelt sagt skal området ved ferjekaia gjerast både fint og teneleg for trafikkantane og dei som bur her. Til dette arbeidet vil vi leige inn ein ny entreprenør og i desse dagar vil det aktuelle arbeidet lysast ut på anbod. Det konkrete arbeidet vil starte opp i løpet av sommaren, seier Marianne Nærø til hjorundfjord.no
Kommentarar