Då eg hadde fotoapparatet for handa tok eg nokre bilete medan ho jobba.
Eg hadde lese om henne i sunnmørsposten før, så eg visste at ho kunne sine ting.
Eg venta ingen forskjell på henne og ein mannleg slaktar, men eg la likevel merke til ein liten forskjell. Ho tok seg tid til å klappe kua og gjere henne roleg før ho brukte boltepistolen like sikkert som alle dei andre slaktarane.
Etter avliving køyrer ho krana inn fjøsdøra og etter kort tid heng kua ute.
Kjapt vert volenden, (spiserøret) tetta og lunge og hjarte teke ut.
Ein augneblink seinare er all innmat ute. Det er slutt på at naudslakta dyr vert flådde på staden. Dei vert frakta til Stette der resten vert utført. Dette for å hindre at skrotten vert ureina.
Så er jobben gjort, og ho er klar til neste. Det tek ikkje meir enn ein halv time frå ho er på garden til ho er på vegen att. Kanskje får ho ny beskjed før ho er på ferga?
Tanja Gundersen er opprinneleg frå Smøla, men bor i Ålesund. Ho har stort sett full jobb med naudslakt. Eit stort distrikt skal dekkjast. Natt til fredag, før ho kom til Sæbø Storfe, gjekk også med til naudslaktoppdrag. Men avliving av høner held ho seg unna.
Kommentarar