Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Turdag: 18.4.12.


Dagens mål var ein fjelltopp med ei nordside der ein framleis kunne renne ned i tørr, fin laussnø.  Søre Raudfonndalstind, ein topp ein stad mellom Vartdal og Ørsta, vart målet.  Meir presist ligg denne fjelltoppen på tinderekkja mellom Langedalen og Romedalen.

ruteoversikt
Foto frå Bjønnaskaret, skaret mellom Årsetdalen på Vartdal og Langedalen.  Blå strek syner der vi gjekk opp, gul der vi rann ned.  Teksta er småstilt, men klikk på fotoet.

Vi tok av frå E 39 på Vartdal og køyrde frametter Årsetdalen så  langt som vegen - etter kvart  bomvegen/setrevegen,  var brøytt, dvs. til Grytastøylen.   Deretter var det berre å gå vidare framover på ski til Bjønnaskaret - overgangen til Langedalen.  Synet som møtte oss i skaret ser du på fotoet under.

pan langedalen b
Panoramafoto frå Bjønnaskaret - til høgre ser du nedover Langedalen.

Vi trudde vi visste, men det gjorde vi tydelegvis ikkje.  Då vi kom opp på egga rett nord for Søre Raudfonndalstind, tok vi til venstre i staden for å satse på toppen til høgre.  Dermed vekk vi ein litt spesiell skitur etter ei egg som avslutta med litt klyving mot ein topp.  Først etter at vi hadde nått bilen igjen, oppdaga vi "feilen" - vi hadde vore på Midtre Raudfonndalstind.  Men kva gjer vel det?  Midtre Raudfonndalstind har også kjolepotensiale.

Foto frå turen ned i Langedalen frå Bjønnaskaret til toppen av Midtre Raudfonndalstind, ser du under.  Det treng vel knapt nemnast at det var eit fantqastisk turvêr.

Raufonntind 007 copy _IGP9605b
På fotoet til høgre er Midtre Raudfonndalstind fjellet over og litt til venstre for hovudet til underteikna.

_IGP9623b Raufonntind 015 copy
Ikkje vanleg skiterreng.  Den spisse toppen i bakgrunnen er Kjerringa, toppen midt på er Mannen.  Søre Raudfonnd... ligg rett utanfor venstre biletkant. Toppen rett fram er Midtre Raudfonndalstind.

Raufonntind 022 copy _IGP9628b
Frå klyvinga mot toppen.  På fotoet til høgre ser du skisporet etter egga, men likevel ikkje særleg vanskeleg å gå.

Raufonntind 033 copy
Toppfotoet høyrer med.  Den høge toppen midt på er Vassdalstinden.


Eit av måla for turen var som nemnt tørr nysnø under nedrensla.  Heilt slik vart det ikkje, sjå foto under.  Difor vart det teke få foto, men alt i alt må vi kunne kalle det ein topp-tur.

Raufonntind 042
Turen ned sida og seinare gjelet frå Midtre Raudfonndalstind, var mykje prega av utrasa snøklumpar/småskred.

Så litt om namnet på toppen/toppane.  I boka "Skiturar i Sunnmørsalpane" av Hagen/Standal vert namnet Raudfonntind brukt konsekvent.  Her i artikkelen har eg brukt namnet Raudfonndalstind.  Det gjer eg fordi det er dette namnet som vert brukt på kartet (Norgeskart).  I tillegg har eg snakka med Kolbein Ryste, sauebonden frå Ørsta som i alle år har hatt sauene sine i Langedalområdet. Også han brukar namnet/namna Raudfonndalstindane. 

Er det andre som har synspunkt på denne namnebruken?  Kom gjerne med ein kommentar.

Så dagens quiz:

Raufonntind 003 copy
Desse fiskeauge-fotoa kan vere litt underlege, men kva heiter fjellet heilt til høgre?