Langfredag vert det ei vanleg gudsteneste og første påskedag vert det høgtidsgudsteneste med nattverd i Hjørundfjord kyrkje.
Begge dagar startar gudstenestene kl. 20.00.
I påska er det mykje aktivitet på Sæbø og no har vi i tillegg fått eit fantastisk flott påfyll av snø på Bondalseidet.
Etter dagar med mykje aktivitet kan det vere godt å få ta inn over seg stemninga i ei vakker kyrkje. Ein triveleg prest og dyktige organistar har vi også.
For dei som har gjester i påska kan dette vere eit flott høve til å vise fram den flotte kyrkja.
Velkomne!
For Hjørundfjord sokneråd
Kommentarar