Basar 7

”Veteranbordet” har solid basarerfaring og veit å kose seg saman med resten av dei frammøtte. Frå v. Olga Leknes, f.1919, Ingebjørg Leknes, Åse Urkegjerde og Bjørg Berg.

Velkomst

Nyvalt leiar i Urke Grendalag, Kjellfrid Prestegarden, kunne ønskje ein nær fullsett sal velkomne og inviterte til god mat og drikke, saman med livleg åresal og hyggeleg prat. Ved dette arrangementet vart det nye kjøkkenet i Grendahuset teke i bruk. Basaren er ei vidareføring av den tradisjonelle Helselagsbasaren. Helselaget gjekk inn i Grendalaget for to år sidan.

Basar 4 

Desse tre kan melde om lang veg til Grendalagsbasaren. Dei kom frå Lillehammer, men vi veit at familiebesøk var og medverkande til å ta ut på 700 km køyring. Live og Eilev Aa Klokk kosar seg på basar saman med pappa Jon-Erik Klokk.

 

Basar 5

Dersom nokon lurer på korleis ei ”ekte” basaråre ser ut, så ser du det her.

Åresal

Og med det var åresalet i gang. Kjøpelysta var like stor som ved tidlegare høve. Basargeneral Nelly Urke, som har leia Helselagsbasaren gjennom meir enn ein mannsalder, brukte erfaringa med marknadskreftene og la prisen pr. åre i samsvar med etterspørselen. Med det glei heile arrangementet som det skulle og ei mengd gevinstar fekk eigar.

 

Basar 6

Det er kjekt på basar, meiner Tuva Aresdotter Urke.

 

Basar 3

Sjølv en garva skipper, Kåre Jon Berg, synest å vere vel nøgd med den første gevinsten.

Mat og prat

Gratis mat, kaffi og brus i pausen ga rom for godprat både her og der. Basaren er eit sosialt forum for å treffe bygdafolket som saman med tilreisande sluttar opp om basaren. Av dei 120 frammøtte var det langt dei fleste som var tilreisande, men som likevel har ei tilknytning til bygda.

Basar 8

Nelly Urke, "basargeneralen”, har knapt nok site som tilhøyrar på ein basar etter ho sjølv var 15 år.

 

Basar 2

Nesten fullt hus og god stemning.

Basarinntekta kjem bygde til gode

Kanskje er det at inntekta frå basaren kjem bygda til gode som er med og stimulerer kjøpelysta på basaren? Den samla omsetning vart på vel 23.000 kr. Etter dekning av utgiftene, vart det ein netto på omlag 20.000. Styret avgjorde i etterkant av møtet at ein no har grunnlag for å kjøpe ei ny og langt meir effektiv oppvaskmaskin til kjøkkenet. Nelly Urke takka på vegne av grendalaget for frammøtet og støtta til arbeidet.