Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto:  Knut Hustad

Junior (Jakob) og eg hadde nok på oss ski dei fleste av dagane i påskeveka, men det må innrømmast at eit par av turane enda med at vi gjorde vendereis på grunn av blindeføre og snøvêr lenge før målet var nådd.  Likevel vart det ei overraskande fin toppturpåske - sjå berre på fotoa under.

Dei fyrste fotoa er tekne tysdag 3. april - frå ein tur til Veirahaldet, fjellet ovanfor Ørsta skisenter.

7
På veg mot Veirahaldet.  Skodde og snø, javisst, men sola dukka opp i rett tid

Verhaldet 013 copy Verhaldet 008
Yngre og eldre på toppen.  Frå venstre:  Siri Opsahl Haugen, Beate Humberset Krøvel og Svein Øye.

I toppområdet dukka altså sola opp, lenger nede var det tid for skodde igjen, men då hadde flott skikøyring bak oss.

Verhaldet 022b Verhaldet 025 copy




6
Her er det Ronny Haugen som er på veg nedover frå toppen.  Dalen under er Follestaddalen.

Verhaldet 038 copy
Olav Haugen.  Ikkje så mykje å legge til her.

Verhaldet 029 copy Verhaldet 061 copy
"Gode fall høyrer med. Ingen som vågar heilhjarta går klar.".  Dette skreiv Olav i ein e-post til meg.  Han har så rett så rett.

Fotoa under kjem frå ein tur til Kolåstindområdet langfredag.

Vi gjekk opp brefallet og rann ned stort sett same vegen.  Til tider kunne sikta vere berre nokre titals meter, men trur du ikkje at sola plutseleg dukka opp her også?

Det var ikkje så mange som tok turen denne dagen, men vi som var der denne dagen gløymer ikkje nedrensla.  Snøen virka uendeleg lett og djup.  Ein vennegjeng frå studentmiljøet i Trondheim med australiaren Jim Mack storkosa seg også.

Kolåstinden 029 copy Kolåstinden 031 copy
Til skisporsamlinga mi.  Toppen er sjølvsagt Kolåstinden. I underkant omtrent midt på biletet ser vi Stretet.  Fjellet i bakgrunnen er Nordre Sætretind.

2
Snøbrett er tøft - også under toppen av Kolåstinden.  Dette er eit såkalla splitboard - dvs. at han deler det i to når han går oppover (nesten som ski)

Kolåstinden 048 copy
Tradisjonell skikøyring fungerer også godt på fint føre.

Kolåstinden 060 copy 5
Student Jim Mack(t.h.) frå Australia og Trondheim var godt nøgd med langfredagens skitur.

Mislukka tur 001 Kolåstinden 066 copy
Eit par av påsketurane til Jakob Hustad enda med vendereis før målet, men... ...han meiner nok at påska sett under eitt var ei svært god fjellturpåske.  På fotoet til høgre er han på veg ned brefallet under Kolåstinden.

Takk for turane.