Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon. Alle foto: Knut Hustad
Junior (Jakob) og eg hadde nok på oss ski dei fleste av dagane i påskeveka, men det må innrømmast at eit par av turane enda med at vi gjorde vendereis på grunn av blindeføre og snøvêr lenge før målet var nådd. Likevel vart det ei overraskande fin toppturpåske - sjå berre på fotoa under.
Dei fyrste fotoa er tekne tysdag 3. april - frå ein tur til Veirahaldet, fjellet ovanfor Ørsta skisenter.
![]() |
På veg mot Veirahaldet. Skodde og snø, javisst, men sola dukka opp i rett tid |
Yngre og eldre på toppen. Frå venstre: Siri Opsahl Haugen, Beate Humberset Krøvel og Svein Øye.
I toppområdet dukka altså sola opp, lenger nede var det tid for skodde igjen, men då hadde flott skikøyring bak oss.
Her er det Ronny Haugen som er på veg nedover frå toppen. Dalen under er Follestaddalen.
Olav Haugen. Ikkje så mykje å legge til her.
"Gode fall høyrer med. Ingen som vågar heilhjarta går klar.". Dette skreiv Olav i ein e-post til meg. Han har så rett så rett.
Fotoa under kjem frå ein tur til Kolåstindområdet langfredag.
Vi gjekk opp brefallet og rann ned stort sett same vegen. Til tider kunne sikta vere berre nokre titals meter, men trur du ikkje at sola plutseleg dukka opp her også?
Det var ikkje så mange som tok turen denne dagen, men vi som var der denne dagen gløymer ikkje nedrensla. Snøen virka uendeleg lett og djup. Ein vennegjeng frå studentmiljøet i Trondheim med australiaren Jim Mack storkosa seg også.
![]() |
![]() |
Til skisporsamlinga mi. Toppen er sjølvsagt Kolåstinden. | I underkant omtrent midt på biletet ser vi Stretet. Fjellet i bakgrunnen er Nordre Sætretind. |
Snøbrett er tøft - også under toppen av Kolåstinden. Dette er eit såkalla splitboard - dvs. at han deler det i to når han går oppover (nesten som ski)
Tradisjonell skikøyring fungerer også godt på fint føre.
Student Jim Mack(t.h.) frå Australia og Trondheim var godt nøgd med langfredagens skitur.
Takk for turane.
Kommentarar