Kjellfrid Prestegarden ny leiar

Årsmøtet valde samrøystes Kjellfrid Prestegarden som ny leiar. Kjellfrid er eigar av Nilsagarden på Indre Urke og har sterke band til bygda.


 

Kjellfrid Prestegarden 003

Kjellfrid  Prestegarden overtek leiinga i Urke Grendalag

Årsmeldinga

fortel om stor aktivitet også siste kalenderåret. Av dei større tiltaka nemner meldinga den endelege fullføringa av bade- og friluftsområdet i Bøvika.  Norangdal Grendalag er samarbeidspartnar og har teke del både i dugnadsarbeid og med økonomi.  Orkanen Dagmar kontrollerte det utførte arbeidet og i etterkant vart det  ein del mindre skader som krev ei ny dugnadsrunde.

Utvidinga og fornyinga av kjøkkenet i Grendahuset var og ei viktig oppgåve og har så langt kosta 65.000 kr i tillegg til 270 timar eigeninnsats frå nokre flittige hender.

Rekneskapen viser god balanse, men den omfattande aktiviteten dei siste åra har redusert eigenkapitalen til eit minimum.

Vala

Kjellfrid Prestegarden overtek leiarklubba for neste periode. I styret får ho med Kirsten Berg, Øygunn Myklebust, Helge Ramstad og Per Urke.

Varamedl.: Janine Berg og Sverre Rønning.

Valnemnd til neste årsmøte: Leiar Eldrid Øye, Nelly Urke og Heidi Gullstein

 

Ekstrasak

Årsmøtet handsama situasjonen for mange av bygdene der ein ikkje finn samsvar mellom dei vedtekne vallovnadene om levande bygdesamfunn og realitetane.

Styresmakta sin mangel på vilje til å legge til rette for ei positiv utvikling manglar. Freistnadene på utviklingstiltak blir i høg grad motarbeidde og ein ser liten vilje til å hjelpe fram og legge til rette.

Det vart argumentert for at det langt på veg trengst å innføre ein unntakstilstand der tidsfaktoren spelar ei viktig rolle.

Årsmøtet ber styret arbeide med denne problemstillinga, gjerne saman med andre i same situasjon.