Ullevering 032 copy
Før lamminga tek til må ulla leverast.  Her er det Kjell Frøland(t.v.) som leverer ulla si til sjåfør Ola Hetle.

I 1995 var det 4376 vinterfora sauer i Ørsta kommune. No er det berre rundt 1850 att.  Likevel – denne veka vart det levert heile 928 sekkar ull frå området til Nortura (Gilde) sitt anlegg i Førde.

Ola Hetle har henta ull frå Ørsta i mange år.  Han legg merke til at det vert færre sauebønder og dermed mindre ull og hente sjølv om dei som er att gjerne vert større. Kjell Frøland er  ein av dei som har auka på med dyr siste åra og  har i dag ca 50 vinterfora sauer. Han er ein av dei 11 sauebøndene som er att i Bondalen og sist måndag leverte han, saman med Per Sverre Myrhol og Aage Solhaug,  sesongens ullproduksjon til sjåfør Hetle og Nortura.

Langt færre sauer, ja visst,  men alt er slett ikkje  svart i sauenæringa.  Heldige er  dei som får kjøpe lammekjøt frå Ørsta.  Statistikken til Nortura syner nemleg at området vårt er eitt av to i landet som leverer dei beste lamma.  Nyleg vart også fleire sauebønder frå Ørsta premiert for den gode lammekvaliteten.

Men kva med ulla, held ho den same gode kvaliteten som kjøtet?

-Ulla som kjem frå Ørstaområdet held jamt over svært god kvalitet.  Dette skuldast for det meste at oppe hos dykk er det mest kvit sau med lang hale.  Det er denne norske kvite sauen, som gjerne er ei blanding av rasane Dalasau, Rygja og Sjeviot, som gjev den beste ullkvaliteten.  I tillegg har sauebøndene vorte flinkare til å sortere ulla.  Dette gjev meir pengar i pungen både for Nortura og bonden.

- Og kvar vert ulla av no etter at ho har kome ned til dykk? Kjem ho tilbake hit som gode ullunderklede i butikkane?

- Etter at ulla har kome inn til oss her i Førde vert ho sortert og pakka om og sendt til eit ullvaskeri i England. Etter denne prosessen vert ho selt på dei store auksjonane til verdsmarknaden.  Om ho etter kvart kjem attende hit som gode underklede må du nesten spørje produsentane om, men eg veit i alle høve om at ein del av ulla  vert kjøpt av norske fabrikkar som  t.d. Rauma Ullvarefabrikk AS.  Han som kjem med desse opplysningane heiter Nils Paulen og  er sjef for ullavdelinga til nettopp Nortura i Førde.  Og berre så det er sagt:  Han tek gjerne mot meir ull frå Ørsta.

 Ullevering 034 copy (2)
Det er godt nøgde sauebønder som leverer ulla.  Frå venstre:  Per Sverre Myrhol, Aage Solhaug og Kjell Frøland.  Herren  på planet:  Sjåfør Ola Hetle.