Årsmøte 2012

Leiar Kari Årsnes leidde møtet med Elling Kvistad som sekretær. Årsmeldinga vart lagt fram og viser jamt, godt arbeid med dei sakene som har prioritet.

 

Kari Årsnes og Elling Kvistad

Leiar Kari Årsnes (t.h.) og sekretær Elling Kvistad (t.v.) leia årsmøtet med trygg hand.

Utgjevinga av Årsskrift 33 er ein viktig del av arbeidet. Dette er med å styrkje økonomien i laget ved svært godt sal og positive omtalar.  Innsatsen til både redaktør Jarle Walseth og dei mange som produserer stoffet til boka er med det ein viktig ressurs for laget.  Av andre tiltak kan nemnast kulturvandringa som i år var lagt til Ytre Standal.

 

Jarle Walsetk og John Urkegjerde

Desse to er i høg grad medverkande til god drift av sogelaget. Redaktør Jarle Walseth (t.v.) tek det tyngste taket for å få utgitt årbøkene. Kasseraren i laget, John Urkegjerde (t.h.), styrer   økonomien.

Rekneskapen for året 2011 fortel om ein trygg styring og god økonomi.

Av andre saker som vart drøfta, var korleis ein skal få gitt ut i ny utgåve nokre av dei årsskrifta som er utselde. Fotonemnda som vart nedsett for eit par år sidan, er no komen i arbeid og det vert no jobba for å få innsamla gamle bilete og det vart drøfta korleis desse skal presenterast for ålmenta. Nemnda treng å knyte til seg mange medhjelparar i grendene og albumeigarane vert oppmoda til eit positivt samarbeid i samlingsarbeidet.

For ein del år sidan vart vraket av ein Messerschmidt som styrta under flyslaget 16. februar 1945, henta ned frå Breifonndalen og delane er samla på Sæbø. Sogelaget har eit eigartilhøve til dette og det må takast stilling til korleis ein skal handtere dette krigsminnet på ein god måte. I år er det Kulturvernelaget som har ansvaret for Kulturvandringa der Rognestøylen er målet.

Val av styre og nemnder vart slik:

Styre: Leiar: Kari Årsnes, nestleiar: John Arne Årseth, skrivar: Elling Kvistad, kasserar: John Urkegjerde, styremedlemer: Berta Saure, Helge Riise og Knut Riise.

Varafolk: Oddbjørg Tvergrov, Bodil Standal, Perry Bjørke, Asbjørn Urkegjerde.

Revisor: Anne Karin Kvistad

Valnemnd: Leiar: Anne Margrethe Steinsvik, medlemer: Helga Moe Riise og Kjell Bjørke.