Det har allereie blitt ein tradisjon - at i påskeveka opnar Margrethe og Bjarne dørene til Grindaløda, Vinstova,vinkjellaren, Iverstova og Nyestova.  I år har gjestehuset god plass. Dei to vil då m.a. servere handmat og ein tre rettars middag der sjølvsagt lammekjøt er hovudingrediensen i påska.

Vertskapet har no erfaring med å ha ope for individuelle gjestar i påskeveka og kan såleis love ein hyggeleg kveld der ein nyt den gode maten og ikkje minst roa og samtalen. Dei kan også love at det ikkje vert musikk, men vert det for mykje varme frå den gode peiselden, vil sikkert lødegluggane verte opna og samtalen kan førast vidare med susen frå elva som bakgrunnsmusikk.

Grindlode006 Vinstove1
Det vert oppdekking i Grindløda som har plass til
50 personar
Oppdekking også i Vinstova med plass til 25 personar og Iverestov som tek 20 personar

Bilde 4

Rekkedal Gjestehus opnar dørene klokka 19.30  Det vil då stå hjortemòr, snøfrisk og heimebaka flatbrød på borda.  Middagen er sett saman av utbeina lam fylt med krydder og litt bacon - denne retten har vertskapet utvikla sjølve ilag med god  hjelp utanfrå og har etter kvart vorte ein spesialitet for gjestehuset - og til slutt ein spennande dessert.

Framleis er det kanskje nokre som ikkje har vore innom Rekkedal Gjestehus og ikkje kjenner til historia.  Ingen problem, seier vertskapet, dei to viser gjestane gjerne rundt og fortel når det måtte passe i løpet av kvelden. 

Som mange allereie veit, er det berre denne dagen i påskeveka Rekkedal Gjestehus har ope for bordbestilling og det er kun denne kvelden, dei som har vunne seg gåvekort ved forskjellige arrangement, som gjestehuset har sponsa, kan nytte gevinsten. Dette er viktigt at dei som har gåvekort melder seg, for gjestehuset har ingen namn på dei som har vunne.

Vertskapet ynskjer at dette skal være eit tilbod for bygda og tilreisande å treffe kvarandre. For at dei  skal få til ein vellukka kveld, ber dei om at det vert teke kontakt i god tid frå no og til og med palmehelga. 

Det nye i  år, er at Gjestehuset har tilbod til gjestane om skyss heim. Kl. 24.00 er det oppsett buss til Ørsta og Volda området. Dei kopierer den gode ideén som det offentlege har til ungdommen. Heim for ein 50-lapp.

Telefonnummeret til Rekkedal Gjestehus er (+47)952 22679, eller bruk e-post, klikk då her.

Nytt difor høvet no - ta kontakt og ting eit, eller fleire bord.  Vi ynskjer alle velkomne, seier dei


TA MED GODE VENER TIL EIN TRIVELEG KVELD  -  HJARTELEG VELKOMNE

  HELSING
MARGRETHE OG BJARNE
- vertskap -

image005

image003