Kårdalstindane 042 copy

Her ser ein at Ørsta kommune både er våt (fjorden - ofte også regnet), vill (fjella) og vakker (naturen).  Personen på biletet er Fred Ingar Somby som sist fredag såg utover Hjørundfjorden frå Kårdalstindane.

 

I Møre-Nytt på laurdag las vi at rådmannen vil ha nytt slagord for Ørsta.  Ho kjem sjølv med to framlegg:   ”Bygdebyen ved Sunnmørsalpane” og ”Ørsta – midt i Sunnmørsalpane”.   Eg vil sjølvsagt ikkje vere uhøfleg, men dei to slagorda er vel like keisame som å sjå på den vidgjetne målinga som tørkar på veggen.

Kven skal forresten slagordet vere for – Ørsta sentrum eller Ørsta kommune? Er det for kommunen så dett vel det første slagordet, det med bygdebyen, bort.  Ørsta kommune er ingen bygdeby.  Og kanskje hadde det vore klokt å bestemme seg for om Ørsta ligg midt i, eller ved Sunnmørsalpane? 

Vi treng ikkje nemne namn, men eit par sentrale politikarar i Ørsta har til tider snakka som om vi framleis er tre kommunar i området – Ørsta, Vartdal og Hjørundfjorden. Det gjer dei trass i at det er nærare 50 år sidan kommunesamanslåinga.   Ja, ved eit par høve har eg også snakka med ein avdelingssjef i kommunen.  Han har konsekvent brukt uttrykket ”dokke” om oss som bur borte i Bondalen eller i resten av Hjørundfjorden. Slikt er lite klokt, og lite samlande, å seie.  Vi treng difor eit slagord som er samlande for alle som bur i kommunen og det er nettopp Ørsta kommune. Namnet Ørsta og ordet kommune må difor vere med i slagordet.

Og no går eg rett på sak. Eg tyr til gruppa CC Cowboys. Ei verseline i eit refreng  i ein song dei laga for nokre år sidan lyder slik: ”For du er vill, vakker og våt”.  Dersom vi stel- og skriv om litt, ja, så har vi slagordet klart:  Ørsta kommune – våt, vill og vakker.  Rett nok vart dette slagordet lansert under arbeid med slagord for Hjørundfjorden for ei tid attende, men vedtak vart diverre aldri gjort.  Men som de no forstår:  Slagordet er ikkje oppteke og kan fritt nyttast av Ørsta kommune.

Slagordet ”Ørsta kommune – våt,  vill og vakker”, vil verte lagt merke til og heilt sikkert vil det også verte likt av dei yngre. Og ingen kan heller påstå at dei tre sentrale orda ikkje stemmer for kommunen.

 

Knut Hustad