Dei gamle planane har modna, pengane på bok er der framleis og friske krefter i Sæbø grendalag har bygd modell, hyra inn fagkompetanse og samla trevirke etter Dagmar. Tysdag 13. Mars kl. 18:00 samlast frivillige krefter på Stormøllen til kurs i bygging av grindaløder. Kurshaldar er Kåre Løvoll, Volda og vi håper at mange frå bygda har høve til å møte. Både for å lære seg teknikken og for å bidra med tid og hender til bygging og røysing. Skal Kapteinkvia utviklast til å bli perla på Sæbø, må mange hjelpe til.

 Jonsok Kapteinkvia                            

Snart kan telta erstattast med same idyll på Kapteinkvia?                    

Vinter på Kapteinkvia 2

Og ein kan finne ly om vinteren?   

Kurset betalast av grendalaget. Vidare plan for kursing og samtidig bygging avtalast tysdag. Kan ein drømje om at Kapteinløda stå klar til årets jonsokfeiring? 

Nokon trur kanskje at dette er ein aktivitet berre for menn, men sjølvsagt kan kvinner og vere med. Sidan fleire kvinner frå dalen no er kursa i bruk av motorsag, får dei høve til å spreie denne kunnskapen til karane.

Kunstauksjon 2008       Sommarfest 2006

Kunstauksjon på Hjørundfjorddagane 2008                                  Sommarfestane kan få ny stad å vere på.

Prosjektet finansierast mellom anna med gåvemidlar frå Sparebank1 Sunnmøre og Sparebank Møre og midlar frå auksjon av kunst donert av Sigmund Årseth, Nils Taklo, Sverre Magnus Myrtveit, Sverre Rønning og Arvid Urkegjerde. 

Påmelding til kurset til Øyvind Taklo, epost taklo73@hotmail.com

Vel møtt

Foto: hjorundfjord.no