1. Universets mysterium

Universets mysterium

NRK har nyleg sendt ein engelsk serie om astronomi,  Wanders of the Universe, på norsk Universets mysterium. I førstninga av februar, i 3. episode av 4, fekk vi vita om svarte hol og tida som vart bøygd omring store masser.

2. Kvistadkjerringane, mot Viddal 2. Mot Storfjorden etter solnedgang
Kvistadkjerringane, mot Viddal Mot Storfjorden etter solnedgang

I innleiinga til denne episoden var det vakre bilete frå fjellnatur i vinterkulde og ettermiddagssol. Det vart ikkje opplyst i programmet kvar desse filmsekvensane var teke opp, men det verka svært norsk og vestlandsk. Dei lokalkjende såg kanskje at helikopteret med kamera i innleiingssekvensen sveipa rundt programleiaren, professor Brian Cox, med godt taufeste på toppen av Dalegubben over Sæbø. Det var seinare opptak frå forskjellige stader på kloden. Ca 40 min. ut i programmet var det igjen filming av Hjørundfjorden frå mange andre vinklar og av fjell rundt. Det var sikkert mange som hadde nok med å prøva å forstå utlegginga av vanskeleg astrofysikk i tale eller i tekst og som var mindre merksame på kvar filminga var frå. Det var synd at programleiaren ikkje spanderte nokre ord om kvar han var då han forklarde om mysteriar i universet nett då. Truleg hadde det vore god reklame for staden.

(alle bileta kan klikkast på for stor størrelse)