Det er snart påske og då tar strikkekaféen på Sæbø pause til over sommarferien. Men først må dei ha seg ein tur i lag – og då aller helst ein blåtur. Ein tur der ingen veit kvar vegen går...                                                 Innkassering
Men desse to veit kvar vi skal. Ann Helene Urkegjerde og Ingvild Åmbakk er damene bak strikkekafeen og dei arrangerer blåturane. Dei liker seg godt når dei har fått alle dei 38 forventingsfulle damene inn i bussen som skal frakte dei av garde til ukjend mål. Det surrer av damestemmer som diskuterer aktuelle reisemål.

«Heisa på Bondalseidet? Neeei, vi skal no vel ikkje det, vel?» Litt frykt i stemma, då det haglar fælt framme på Valset.

Forbi Høgebrua vert Follestaddalen eliminert frå lista og på Mørebil i Furene stusser ein kollega av Jostein fælt då Ingvild tar seg ein heil runde i rundkøyringa (for dei som ikkje er heilt lokalkjende er Ingvild bussen hans Jostein og Jostein er bussjåføren vår frå Sæbø).

Jostein og Ingvild

Men Jostein hentar seg inn igjen og siktar bussen mot tunellen som fører ut i øyane. Det går seint opp bakkane i tunellen, så Ingvild-bussen er nok snart moden for pensjonisttilværet. Jostein flirer berre og meiner ho er godt lasta. Høyrt slikt!?

Bussen full av damer

For å korte inn på reisa har Ann Helene og Ingvild kjøpt påskesnop og tomater (!) som dei sender rundt i bussen. Sunne damer dette - tomatane rekk ikkje mange setene bakover. Høgtlesing frå ei bok med gode historier høyrer også med.

Turen går vidare over Dragsundbrua og Jostein tar av til venstre. Vidare over Leikongeidet, som må vere litt av ei utfordring på glatt vinterføre, og så ned til Larsnes. Mange har så vidt forstått kvar reisa skal ende, andre er framleis usikre. 

Heime hagla det, her ute ser vi sola og eit fantastisk flott lys når ho treff havflata langt ute mellom øyane

027   026

 

 

 

 

 

Eit par timar etter at bussen reiste frå Sæbø er vi framme, på Hakallegarden på Hakallestranda. Her har Aina og Olav Krakset busett seg i lag med den fire år gamle dottera si og etablert ein besøksgard med flotte dyr,  gardsbutikk, nettbutikk og enkel servering. Og alt dette har dei gitt eit kreativt strøk av glade fargar.

019

(Her finn du heimesida deira: www.hakalle.no )

020

Velkomstkomiteen. Eselet til venstre helste oss hjarteleg velkomne til gards 

 024              092

Aina fortel om garden                                          Lavvoplass om sommaren

034    033       

   Låvebutikk oppe, med golvvindu til fjøset nede                       Folkekjære dyr        

 041

I farta gløymde vi å finne ut kva for nokre dyrerasar dei har på garden, men Jostein ser i alle fall at desse ikkje har artsfrendar heime i Bondalen.                                              

046042

 

 

 

 

 

 

 Alpakkaane har ein sentral plass på Hakallegarden. Dei held til i fjøset under låvebutikken.

060

Oppe på butikken sel dei alpakkagarn og ferdige klede av den utruleg varme ulla. Dei strikkekyndige damene frå Sæbø er vel kjende med alpakkatråden, så det var kjekt å få sjå dei flotte dyra. 

 036      039

 

 

 

 

 

 

På Hakallegarden ber det meste preg av at her bur ei særs kreativ dame.

 050

Det er fargerikt ute og det er fargerikt inne. Tar ein seg tid til å sjå godt rundt seg dukkar det opp litt av kvart.

 086                 090

 

 

 

 

 

 

 Fargesprakande fuglar av mange slag                      Ein ullgris frå Ørsta

 

  043          045

 Fargerikt i fjøset og                                              Aina-kunst på fjøsveggen

030                035

 

 

 

 

 

 

Etter kvart måtte vi også ein tur inn. Damer på langtur treng litt mat i kroppen. 

 

 055              054

 

 

 

 

 

 

Det vert bra fullt på låven når 38 damer og ein sjåfør skal ha plass, men det gjekk heilt fint og alle sat godt. God mat fekk vi også. Spekemat, kaffi og nydelege kaker.

069

 Ein MÅ berre verte glad av slik oppdekking

 098

Handling vart det også litt tid til. Slett ikkje lett å få oversikta med eit slikt vareutval og mange nysgjerrige damer på vandring i lokalet. Men her var utruleg mykje spennande og mykje av det fekk vere med heim til Sæbø. Her viser Aina fram dei nydelege kunstverka sine som er trykt opp som kort og små bilete.

065

Ein fantastisk fargepalett frå m.a. danske Rice

 059

Koppar frå Green Gate, melamin m.m. frå Rice, nostalgi frå Blafre, alpakkaprodukt, treleiker,... og gode plassar å setje seg ned med ein kopp kaffi og noke godt å bite i.

071

 Vakkert inne og vakkert ute. For ein arbeidsplass!

 076

Nokre av damene frå Sæbø har besøkt Hakallegarden tidlegare, andre hadde ikkje høyrt om den. Men alle trivdes utruleg godt her og tida gjekk altfor fort før vi måtte reise for å nå ferga tilbake til Larsnes. Og vel inne i Ingvild-bussen kom det eit høgt og samstemt JA då strikke-Ingvild ville vite om damene var fornøgde med reisemålet.

 018

Hakallegarden kan verkeleg anbefalast for foreldre, tantar, onklar, besteforeldre og andre som vil ha med seg barn på ei oppleving utanom det vanlege. Og har du ikkje små grunnar til å ta turen, vil du trivast der i lag med vaksne óg.

Takk for oss! 

(Klikkar du på bileta vert dei større...)