Dei siste dagane har det skjedd raskt -  plutseleg har ei ny, svær og flott ferjekai  med alt som høyrer til, dukka opp på Sæbø.

Ferjekaia 001 copy
Eit nokre dagar gammalt foto av ferjekaianlegget på Sæbø.  Arbeidarane er i ferd med å rydde opp.

Som tidlegare nemnt er det Implenia som er hovudentreprenøren og byggjer ferjekaia for Statens Vegvesen.  Onsdag, skotårsdagen, var det enno litt ryddearbeid att på sjølve kaianlegget, men Bjørn Ringstad kunne stadfeste at alt gjekk etter planen. På land var eit par gravemaskiner i ferd med å gjere utfyllingsarbeid slik at Hjørundfjordferja kan ta i bruk kaia i løpet av neste veke.

Ferje og fonn 005 copy
Lars Hønningstad(t.v.) og Bjørn Ringstad er stolte både over arbeiderane sine og den nye ferjekaia.

- Etter det ein amatør kan sjå, så er denne ferjekaia både stor og flott. Vi får tru at ferjekaia vil føre til ein kollosal trafikkauke på Hjørundfjorden.  Er kaia stor nok til å ta imot også dei største ferjene etter kvart, Ringstad?

- Det er vel rett at du spør Statens Vegvesen om akkurat det.  Det er nemleg dei vi har bygt ferjekaia for og ho er bygd etter deira spesifikasjonar.  Dei veit nok  store ferjer kaia kan ta imot.  Men vi for vår eigen del er såpass lite beskjedne at vi meiner at vi har bygd ei svært god og teneleg ferjekai - ei kai som du og andre vil ha stor glede av i mange, mange år framover.

- Eg forstår at de skal overlevere ferjakaia til vegvesenet i løpet av neste veke.  Då vert det vel stor festivitas med snorklipping, ferjekaiopningskål og alt som høyrer med?

- Nei.... Hønningstad dreg på det.  - Etter det vi forstår vert det ingen feiring eller markering no.  Festen må nok vente til våren, til heile anlegget er ferdig, gamlekaia fjerna og alt pynta til slik det skal.

- Men då dukkar de opp igjen, Ringstad?

- Sjølvsagt - om vi blir invitert, humrar den store sjefen.  Eg må få legge til at vi har vorte godt mottekne her på Sæbø og vi har likt oss godt.

- Trass i alt regnet?

- Trass i alt regnet.  I dag(skotårsdagen) har vi forresten funne ut at det er feil at det regnar 365 dagar i året i Hjørundfjorden.  Det rette skal vere 366 dagar, avsluttar han - med eit nytt smil.

Ferje og fonn 007b
Dei har hatt det godt på Sæbø, arbeidsgjengen frå Implenia, trass i mange våte dagar.


Etter det hjorundfjord.no kjenenr til, skal visstok ferjekaia takast i bruk den 7. mars.