Om nokon enno skulle lure:  Skal den ferdige maten vere skikkeleg god må råvara vere av beste kvalitet. Dette veit mjølkeprodusentane i vårt område om og difor leverer dei den beste mjølkekvaliteten  - ikkje berre på Vestlandet, men i heile vårt langstrekte fedreland

Det var under årssamlinga til mjølkeprodusentane i Hjørundfjorden  på Rekkedal gjestehus nyleg at dette kom fram.  Det var Else Tømmerstøl i Tine som kom med desse opplysningane - at det er mjølkeprodusentane i Nordfjord og på Sunnmøre som leverer den alle beste mjølka.

Det er strenge kvalitetskrav det er snakk om for å få dei ulike utmerkingane; 5-års plakett, 10-års plakett, 20-års plakett og den gjeve  sølvtina.  For å få sølvtina må du levere elitemjølk (den beste kvaliteten) heile året i 15 samanhengande år.

Under ser du dei gardbrukarane/mjølkeprodusentane frå Hjørundfjorden som vart premiert dette året.

Plakett utdeling 2012_1
Frå venstre: Aage (og Solfrid) Solhaug - 10-års plakett, Lars Molvær - 5-års plakett, Knut Inge Haugen - 10-års plakett,  Solveig Nikkinen og Kjetil Rørstad - 20-års plakett,  Inger Margrethe og Ivar Svein Mo - 20-års plakett, Steffen Nordang - sølvtine.  Vidare ser vi styremedlem i Tine Vest og plakettutdelar Norvald Dalsbø og Jarle Myklebust, styremedlem i mjølkeprodusentlaget.


Inger Margrethe og Ivar Svein Mo og Solveig Nikkinen og Kjetil Rørstad har i tillegg fått sølvtina tidlegare.


Det er berre å gratulere med stor kunnskap og vilje til å produsere kvalitetsmjølk