Om nokon enno skulle lure: Skal den ferdige maten vere skikkeleg god må råvara vere av beste kvalitet. Dette veit mjølkeprodusentane i vårt område om og difor leverer dei den beste mjølkekvaliteten - ikkje berre på Vestlandet, men i heile vårt langstrekte fedreland
Det var under årssamlinga til mjølkeprodusentane i Hjørundfjorden på Rekkedal gjestehus nyleg at dette kom fram. Det var Else Tømmerstøl i Tine som kom med desse opplysningane - at det er mjølkeprodusentane i Nordfjord og på Sunnmøre som leverer den alle beste mjølka.
Det er strenge kvalitetskrav det er snakk om for å få dei ulike utmerkingane; 5-års plakett, 10-års plakett, 20-års plakett og den gjeve sølvtina. For å få sølvtina må du levere elitemjølk (den beste kvaliteten) heile året i 15 samanhengande år.
Under ser du dei gardbrukarane/mjølkeprodusentane frå Hjørundfjorden som vart premiert dette året.
Frå venstre: Aage (og Solfrid) Solhaug - 10-års plakett, Lars Molvær - 5-års plakett, Knut Inge Haugen - 10-års plakett, Solveig Nikkinen og Kjetil Rørstad - 20-års plakett, Inger Margrethe og Ivar Svein Mo - 20-års plakett, Steffen Nordang - sølvtine. Vidare ser vi styremedlem i Tine Vest og plakettutdelar Norvald Dalsbø og Jarle Myklebust, styremedlem i mjølkeprodusentlaget.
Inger Margrethe og Ivar Svein Mo og Solveig Nikkinen og Kjetil Rørstad har i tillegg fått sølvtina tidlegare.
Det er berre å gratulere med stor kunnskap og vilje til å produsere kvalitetsmjølk
Kommentarar