Etter at reformasjonen vart tvangsinnført i Dannmark av den dansk-norske kongen i 1537, vart denne bibelen opptrykt i 3000 eksemplar i 1550, og 96 av dei kom til Norge, og ein hamna i Hustadkyrkja. Men allereide i 1581 vart kyrkja totalskada av elv eller fonn. Dermed kom bibelen på vidvanke, og kom ikkje til kyrkja som vart oppattbygd på Sæbø.

Mars. 2012 032

Slik ser den ut. Innbindinga er ikkje orginal, men truleg er beslaga orginale og brukt oppatt av bokbindar og bonde  Rasmus Vassbotn i 1794, som sytte for ny skinninnbinding. I  1916 var det Ola O. Reite som vølte den att. "Oppattpussa og vølt på massingbeslagje, der delvis er nyt".

Det er såkalla klutepapir som er nytta,( tekstilpapir). Elles hadde nok bibelen vore tapt.

Rekonstruksjonen er gjort utifrå innskrifter i marg eller mellom dei trykte linene. Noko som var vanleg i mangel av skrivepapir på den tida.

Kort fortalt har bibelen kome til ein Samund Vatne i Ørsta. I ei innskrift av 19 feb i 1657 gjer han krav på at det er han og ingen annen som er den rettmessige eigar. Den kom ut av Åm-Mettegarden etterkvart, men det er ikkje tidfest.

På 1700 talet er det spor frå både Volda og Dalsfjorden. Det er til slutt Gunder Olsen Aaslid som får hand om den. Det er også han som får den vølt av Rasmus  Vassbotn. Seinare hamna den i Kvalsvika i same slekta. Der har den vore så lenge at den har vorte kalla Kvalsvikbibelen. Fleire av slektningane har gjort innskrifter i bibelen.

Mars. 2012 033

Illustrasjonane og trykket er verkeleg fint. Boktrykkar er Ludvick Dietz frå Rostock, og gjennomillustrert med koparstikk av Erhard Aldorfer og Jakob Binck.

Det er nesten uverkeleg og merkeleg at den kunne kome utav kyrkja si eige, når det neppe kunne finnast ein bibel til erstatning etter at kyrkja vart flytta til Sæbø.

Mars. 2012 030

Her er det sokneprest Rolf Dyrhol som bladar i bibelen på leit etter eit kjent bibelord.

Mars. 2012 028


Og Jostein Fet les gotisk skrift som ein prest!

Mars. 2012 034

Sjølv om ferda har sett sine spor og mange av dei fyrste sidene manglar, ser ein at dei har kunna sitt fag i 1550. Eg vart i alle høve svært overraska av det eg såg.

Mars. 2012 031

Ein del hadde møtt fram. Kanskje fleire hadde kome om det var på kveldstid?

Mars. 2012 008

Bibelen var ikkje trygg i den gamle Mariakyrkja på Hustad. La oss tru at den noverande kyrkja står trygt.

 Dei 3 brørne Kvalsvik som hadde bibelen i si eige, kom etter kvart til at dei ikkje ville ha ansvaret for bibelen lenger. Særleg etter at dei vart bodne 1000 kr pr side for den, fekk dei attelit for at den kunne verte stolen.

I år 2000 leverte Kvalsvikbrørne bibelen, Cristian den 3.s bibel frå 1550 tilbake til Hjørundfjord kyrkje. Der ligg den no i eldsikkert skap.

Er det nokon spesielt interesserte så har eg eit hefte der rekonstruksjonen til Jostein Fet er langt meir utfyllande.