Denne helga har det vore firåringane si kyrkjehelg. På laurdag var det undretur i kyrkja og søndag var det gudsteneste med utdeling av kyrkjebok til firåringane og fyrsteklassingane.
Det møtte ca 150 personar, herav 50-60 born i kyrkja søndag, og då kan ein kanskje vente seg litt høgre støynivå enn i ei vanleg gudsteneste, men nei, sokneprest Rolf Dyrhol held fokus på temaet om Noahs ark så ungane var lydhøre til presten. Bortsett frå då dei tre barnekora stemte i. Barnesongen fylte den store kyrkja på ein måte som berre må høyrast.
Barnekora som deltok var Hjørundfjord barnekor, to kor frå måndagsklubben i Ørsta. Det var "Lisjekoret" som besto av ungar frå 4 år og "Storekoret" som var ungar i 1.klasse.
I tillegg til sokneprest Rolf Dyrhol var Ole Christian Johnsen kyrkjetenar og på piano organist Marie Austrheim ilag med dei ansvarlege for kora.
Kl. 10.55 var det normal antal personar som hadde møtt til gudsteneste, men...
..så opna dørene seg og ungar utkledd i fargerike klede som skulle symbolisere dyr i Noahs ark og englar, strøymde inn i kyrkja.
Barnekora i drakter som skal symbolisere dyra i Noahs ark sang kjente songar.
Sokneprest Dyrhol fortalde om Guds avstraffelse til folk ved å fløyme vatn over jorda. Dyr frå av alle slag overlevde i ein stor båt som vart kalla Noahs ark. Det vart vist både videobilde og det var kraftig regnlyd. Tilslutt kom engelen og slapp ut dyra frå den store båten...
.. borna som var utkledd som dyr, sprang ned midtgongen etter dei var slept fri.
Så vart det delt ut bok til firåringane. Dei kom fram etter opprop og takka fint presten for den fine boka.
Etter firårigane hadde fått si bok, kom turen til fyrsteklassingane som også fekk si bok.
Ei siste nummer frå barnekora.
Og då var det slutt. |
Nede i kyrkja var det ein plass dei minste kunne halde til. |
Presten gjekk i forvegen, så kom borna og resten av kyrkjelyden.
På Bedhuset var det kyrkjekaffi og ein liten matbit. Saft til born og vaksne.
Og her møttast kjentfolk.
Kommentarar