Trekkfuglane kjem når det passar dei, men eitt vårteikn er til å stole på; når påska kjem opnar Strands bakeri på Sæbø dørene både til kafe og bakeributikk.

imgp6898_kopi1
Nutte opnar dørene til bakeriet på Sæbø torsdag den 22. mars klokka 1000.

Sæbø har fått ny ferjeka, men Strands bakeri er det same "gamle" gode.  Dørene til bakeributikken og kafeen like ved ferjekaia vert opna torsdag 22. mars klokka 1000.  Og i påska held bakeriet ope både Skjærtorsdag, Langfredag, påskeaftan, 1. påskedag og 2. påskedag.  Til alle dagar lagar sjølvsagt bakar  Dagfinn (Daffa) ferske varer.

Og om nokon skulle lure:  Hjørundfjordbrødet, Ørstabrødet, skulebollane og alt det andre gode er sjølvsagt på plass i hyller og disk - alt utan tilsetjingsstoff.  I tillegg lovar bakaren overraskingar no når den nye ferjekaia er på plass. Men detaljane vil han ikkje røpe her...

Opningstidene på kvardagane:  Klokka 10 - 17

Opningstidene på laurdagane:   Klokka 10 - 15

Helgedagane i påska:               Klokka 10 - 17

Nutte og Daffa ynskjer alle hjarteleg velkomne til kafe og bakeri.