Det vert vanlege årsmøtesaker.
I tillegg skal mandatet og oppgåvene til biletnemda i sogelaget diskuterast.
Her er eit eksempel frå Anders Hustadnes sitt store negativarkiv.
Her er eit bilete frå Kvistadbruhølen der bilen til Finn Ose har kome på feil stad.
Hallvard Andersen har likevel ikkje gitt opp fisket. Foto A. Hustadnes.
Her er det søndagskuletur på Rekedal. Arill Riise og Arild Stokke i framgrunnen. Elles mange andre de kan kjenne att. Foto: Anders Hustadnes.
Her er mange kjende. Foto A. Hustadnes.
Nemda har så vidt teke til å scanne gamle bilete. Og ei samling av desse vert vist på møtet.
Det er eit svært omfattande arbeid som kjem til å koste både tid og krefter.
Materialet er av betydeleg omfang og ein del teknisk utstyr må på plass.
Fin ungdom, som er godt vaksne no! Også Hustadnes foto.
Kom og sjå meir. Vel møtt!
Kommentarar