Leiaren kan melde at kjøkkenet er ferdig opp-pussa og ho gled seg til å vise fram for årsmøtet  kjøkkenet i Grendahuset. Det gamle kjøkkenet er utvida ved å ta personalrommet inn i same arealet. Det er innkjøpt mykje ny kjøkkeninnreiing.

 

Mars 2012 div 017

 

Mars 2012 div 018

Det er ein stolt grendalagsleiar som kan vise fram det nyinnreidde kjøkkenet på Grendahuset. Kostnaden ved  oppussinga vil vise gå fram av reknskapen som skal leggast fram for årsmøtet, men utanom det som tala i rekneskapen viser, er det lagt ned 270 dugnadstimar. Vi ser her kjøkkenet frå to ulike vinklar.

 

Dette er montert av Helge Ramstad, men i alt er det brukt 270 dugnadstimar for å få jobben gjort. I vanleg offentleg målestokk utgjer kvar slik time ein verdi av 200 kr. I alt har eit fåtal personar lagt ned ein arbeidsinnsats verdt 54.000 kr.  I tillegg kjem elektrikararbeid. Dette er opplysningar som vil gå fram av årsmeldinga. 

Styret ønskjer både bygdefolket og dei andre medlemene i Grendalaget vel møtt Grendahuset torsdag kveld.