Arbeidsgruppa som arbeider for veg til Skårasalen er avhengi av å høyre kva den vanlege mann og kvinne meinar om prosjektet. Dei som er imot let seg høyre, men der er mange som ynskjer å støtte prosjektet utan å tore å stå fram. For at vi skal kome vidare ynskjer vi at folk set namnet sitt på ei støtteærklering til oss, som vi kan bruke når skal møte politikarar og det offentlege apparat, seier primus motor Knut Årseth i Skårasalen AS.

Knut Aarseth copy
Knut Årset er medlem i
prosjektgruppa som arbeider
for veg til Skårasalen.

At mange naturvernarar er sterkt i mot vegbygginga har vi tekje høgde for og er ikkje uventa, men ein slik veg på Skårasalen er meint som eit prosjekt som skal verte eit fyrtårn for turist og næringslivet på Søre Sunnmøre, og være med å sikre busetninga i Bondalen og ellers i distriktet. Vi kan ikkje la folk som ikkje bur her, eller har noko tankar for korleis lokal folk skal livnære seg, ta styringa.

Vi går då ut for å  få høyre synet til dei som bur i området og skal leve med det.  Med andre ord så ynskjer vi oss  støtte, og namn skal ikkje offentleggjerast, men kun bruksat som moralsk støtte til oss i arbeidsgruppa. Ei slik ærklering vil det ikkje følge med noko økonomisk forpliktelsar med.

Vi har fått solid støtte frå næringslivet som arbeider i reiselivsbransjen, og det er vi svært glade for, men det er viktigt for oss og høyre kva folket meiner også, seier Årseth.

Skjema og postkasse for posting, ligg på Bellingen og J.Slettedal på Sæbø. Ellers så kan den som vil sende støtteærkleringa til Ivar Årsæther eller Knut Årseth, Sæbø, avsluttar Årseth.

Untitled-1_1

Støtteskjemet ligg ved Bellinge og Slettedal og kan leggast
i postkassa der, men ynskjer folk å være meir anonyme kan
skjemaet sendast i posten til:

Adresser: Knut Årseth, 6165 Sæbø eller

Ivar N. Aarsæther, Storebakken 3, 6150 Ørsta

Vil ein lese og sjå flotte naturbilder om Skårasal og andre fjell, så vert det anbefalt å oppsøke denne sida til fjellmannen Svein Myhre.

http://fjellinordvest.net/content/view/84/169/