Rundt førre helg gjekk Skondalsfonna to gonger, den siste nesten heilt ned til dyrkamarka ikkje så langt framom kyrkja på Sæbø. Var der nokonlunde tomt for snø i Skondalen no?

Svare kom i går, fredag, ettermiddag.  Der var slett ikkje tomt for snø oppe i den ikkje alt for bratte Skondalen.  For tredje gong på kort tid gjekk altså denne berykta fonna, fonna som gjer at Sæbø ikkje kan utvikle seg framover dalen og verte ein stor tettstad.  Og ho gjekk skikkeleg.  Dei som hugsar godt meiner at ho ikkje har vore så stor sidan 1978.

Skondalsfonna 034 copy
I dag, laurdag, var det mange som tok turen framom kyrkja på Sæbø for å sjå den store Skondalsfonna som fredag gjekk for tredje gong på vel ei veke.

For dei som ikkje hugsar heilt, kan det nemnast at Skondalen er den lange dalen frå fjellet Dalegubben og nærast heilt ned til kyrkja på Sæbø.  Skondalen er svært skredutsett, og større og mindre skred går jamnt kvar vinter oppe i denne dalen, men altså ikkje så ofte går fonna heilt ned på marka - og kanskje over gamlevegen også.

Fredag var det mykje regn, sikkert snø høgt oppe, og i 16 - tida losna eit nytt skred.  Truleg var det dei to tidlegare skreda som gjorde at denne "fredagsvarianten" gjekk så langt ned - ho sklidde nedover på eldre snøbree.

Skondalsfonna 036 copy Skondalsfonna 016 copy
På fotoet til venstre ser vi Skondalen og Skondalsfonna.  Dalegubben er fjellet omtrent midt på fotoet i øvre biletkant.  Til høgre konstaterer Gunnar Lyshagen at der fonna fann det for godt å legge seg i ro, er fonnkanten rundt seks meter høg.

Det var ikkje med bulder og brak fonna kom nedover.  Nei, dei som var vitne til hendinga fortel at i alle på siste delen av ferda, var fonna ei kramsnøfonn og ho kom nedover stilt og seint - nærast smygande i gangfart/lett jogg.

Området mellom dyrkamarka og Skondalen er eit populært vedhogstområde for fleire.  Jon "Post" Frøland er ein av dei.  Han frykta at det var lenge til han fekk sjå att den den nykappa veden.  Men frykta viste seg å vere ugrunna - han låg rett framom fonnkanten.  Var det kanskje veden som stoppa heile greia?  I så fall må vi tru at veden enno var lite tørr...

Skondalsfonna 022 copy
Var det veden til Jon Frøland som stoppa fonna denne gongen?

Vert er nok fonna likevel for bonden som tek ein god del av silofôret sitt her.  Fonna er kvit og fin, kanskje er der ikkje så mykje stein og skog som vert liggande att til våren - eller må vi seie sommaren?  Minuset med at snøen ligg der kvit er at han brånar langsamare.

Skondalsfonna 027 copy Skondalsfonna 038 copy
Gunnar Lyshagen(t.v.), Elisabeth Årseth Dimmen og Leif Slettedal meiner å hugse at sist Skondalsfonna gjekk så stor, var i 1978/79.  Vi får elles vente å sjå om Skondalsfonna kjem ned med meir snø i løpet av tida framover.

Mange kjenner godt til Skondalsfonna, kom gjerne med kommentarar under.

                                    --------------------

I dag fekk eg vite av Steinar Hjorthaug at fonna frå vestsida av Lisjedalen ovanfor Holen også hadde gått stort på fredag.  Klikkar du på fotoa under, ser du at nærast heile snøsida frå Grøtdalstinden til Nøvedalstinden har losna og rasa ned på Årskogstøylen og vidare nedover mot Heimste-Holen.  Fonna har ikkje stansa før ho har nått traktorvegen.  Også her må det vere snakk om kolossale snømengder.

Fonn i Lisjedalen 006 copy
På dette oversiktsfotoet ser vi fonna har kome langt nedover Lisjedalen - heilt ned til traktorvegen.  Vi skimtar Holen Sand- og Grustak i underkant.

Fonn i Lisjedalen 010 copy Fonn i Lisjedalen 018 copy
Fargen på fotoa er litt forvrengde for at ein betre skal sjå brotkanten nærast heilt opp under egga frå Grøtdalstinden (t.v.) til Nøvedalstinden(t.h.)

Fonn i Lisjedalen 005 copy
Store snømengder har kome langt ned.

Mange kjenner sikkert til denne fonna/dette skredet.  Er det vanleg at ho brukar å kome så langt ned som dette?  Kom gjerne med opplysningar i kommentarfeltet.

Elles er det vel vanleg å rekne ein skitur til Keipen som nokså fonntrygg, men det er visst ikkje råsa opp til Årskogstøylen og vidare oppover i retning Høgereset...