Noah fekk plass til alle verdas dyr i arka si, frå dei minste mus til store elefantar.

Rolf har eit ønskje om at mange av desse vert å sjå i kyrkja 18. mars.

Og det hadde vore kjekt om ein vaksen kan stille i elefantkostyme.

Barnekoret skal syngje denne søndagen og etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi på bedehuset. Der vert det bollar og saft til borna og kaffi og marsipankake til dei vaksne.

Vi håpar mange kan kome til kyrkje denne søndagen.

Vel møtt!

For Hjørundfjord sokneråd