Kvardagsliv
Anna har alltid ei hjelpande hand, denne gang er det jula som skal ryddast vekk.
Eit gamalt ordtak seier Kyndesmyss Knut jagar jula ut, men så lenge hadde vi ikkje tid å vente. 13. dag jul var julekakene oppetene og juletreet ute.
Ragnar nyt årets første dag.
Leif hjelper gjerne til med å pusse ein gamal hestesele.
Arne likar å vere der ting skjer.
![]() |
![]() |
|
Gode råd til Leif frå Einar, kjekt når besøkande også engasjerar seg. |
Ut på tur, aldri sur. Anna og Sylvi. |
Anton synest at den nye fleirbrukshallen er flott. Her saman med to stornøgde skuleelevar som også vil bruke hallen i fritida seier dei.
Ein liten prat med blide jenter som var stolte over å ha fått ein så fin hall.
Det er alltid stas når barnehagebarn kjem innom. Ein frisk pust i kvardagen som vi veit å sette pris på.
Anna er alltid glad for å få besøk.
![]() |
|
|
Ei blid lita tulle! | Trekkspelmusikk fengjer dei fleste. |
Arthur, Arne, Eldbjørg, , Arne, Liv, Kjellaug og Ragnar er tilhøyrarar.
Lionskoret er ein frisk pust i kvardagen. Sånne set vi stor pris på.
Anna kokar kakao. Det er godt å kunne gjere noko nyttig og som ein har gjordt mange gangar før.
Vaffelsteiking. Anna og Sylvi har steikt tusenvis av slike gjennom eit langt liv.
I første etasje er "bakedamene" på plass. Dei er frivillege som kjem annankvar tirsdag føremiddag og lagar til kos med kaffi og noko å bite i. Denne dagen er det Judith og Eldbjørg som er på plass.
Kjellaug, Liv, Elsie og Jenny nyt dei gode vaflene.
Borghild, Kjellaug og Liv
Kaffikos.
Ein god prat rundt bordet skapar stemning.
Irene står for middagen og denne dagen er det brennsnut på menyen.
![]() |
![]() |
|
Sånn ja, no kokar det! Ein kan nesten sjå den gode lukta.. |
Sissel |
På Hjørundfjordheimen har personalet gjennomført eit kursopplegg i Demensomsorgens ABC. Denne dagen hadde vi avsluttningseminar.
Vi hadde då gjestar frå Ørsta som ynskjer å ta denne opplæringa sjølve.
Ein gjeng frå Bakketun som intresserte høyrer på foredraget.
Sjølvaste Helse og sosialsjefen var med på denne dagen, og fleire frå heimebasert omsorg i ørsta.
Regelverket som regulerer tvangstiltak og samtykkekompetanse vart ein viktig del av undervisninga.
Denne delen var det lege: Andreas Kjerstad som hadde.
Her er dei tre foredragsholdarane vi hadde denne dagen, som takk fekk dei kvar sitt "heimespøta" sitteunderlag frå Hjørundfjordheimen.
Kjetil Heggen, Bjørg Lid Skodje og Andreas Kjerstad.
Slike sitteunderlag strikkar damene i ledige stunder, stikk gjerne innom å sjå på "butikken" vår, flotte gåvetips.
Somme har heldigvis vet til å ta livet med ro i ledige stunder.
Leif slappar av i "dokterstolen".
Vi her på Hjørundfjordheimen ynskjer alle ei retteleg god etterjulstid!
Kommentarar