Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Det er vel rett å seie at det har vore dagens snakkis på Sæbø - dei to fotoa i lokalavisa Møre-Nytt og regionavisa Sunnmørsposten.  Spesielet eitt stort foto av hotellet på Sæbø med Skondalsfonna bak har gjort stort inntrykk. 

Dei to aktuelle fotoa har fått fleire til å tru at Skondalsfonna ligg heilt inntil husveggane.  Ja, folk har til og med lurt på om campingvogna deira ligg under fonna - om det i det heile er nokon vits i å kome på besøk til påske.

Nokre vil vel tru at fotografane har teke vel mykje Møllers tran, men denne skrivaren likar godt spektakulære foto, men let folk seg skreme så er vel det eine av hotellet litt i overkant dramatisk...

Ferje og fonn 028b
Eit foto som dette av Sagafjord Hotell med Skondalsfonna i bakgrunnen gjev nok eit feil inntrykk.

Fotoa i Sunnmørsposten og Møre-Nytt - eller det over -  er sjølvsagt ikkje tukla med på nokon måte, men ved å bruke ei sterk telelinse dreg ein alt nærare - avstanden mellom det som er på fotoet, t.d. hotell og fonn, vert tilsynelatande sterkt korta inn.  Brukar ein derimot ein sterkt vidvinkel, ser gjerne avstandane større ut.

Under har eg teke tre ulike foto med tre ulike objektiv/linser - ei sterk telelinse, ein sterkt vidvinkel (fisheye) og eit normalobjektiv - slik det virkeleg er.  Eg har stått ved moloen til Arne-Johan på Hustadneset.  Foto er ikkje gjort noko med.

Foto 1 - slik det er når Arne-Johan Hustadnes ser mot Sæbø frå Hustadneset:

Ferje og fonn 025b
Vi ser det er eit godt stykke til Sæbø og Skondalsfonna.  Det er brukt eit normalobjektiv - eit objektiv som skal vise det slik det er.

Foto 2 - slik det ser ut med eit fisheye-objektiv - supervidvinkel, eit objektiv som kan fotografere i ca. 180 grader:

Ferje og fonn 021b
Her ser avstandane langt større ut enn dei eigentleg er, fjella vert lågare og Skondalsfonna ser ein knapt,  Trandal ligg heilt til høgre.

Foto 3 - ei sterk (600 mm) telelinse.  Her vert alt drege nærare, alt synest meir dramatisk.  Fotostaden er på same stad som dei to andre.

Ferje og fonn 017b
Her får ein inntrykk av at fonnbreen ligg heilt inn på bedehustrappa - og det som verre er.

På veg mot Sæbø igjen tok eg to foto av hotellet frå noko lenger inne i Hustadnesstranda - det eine med den same telelinsa, det andre med normalobjektivet, som viser situasjonen slik den er.

Ferje og fonn 028b Ferje og fonn 034b
Telelinse til venstre, normalobjektiv til høgre.

Er det enno nokon som lurer på om Sæbø ligg under fonnbreen?  Fotoet under er teke med normalobjektiv frå vegen inn til kyrkja.  Som de ser er det god klaring mellom Skondalsfonna og Sæbø/Hjørundfjord kyrkje.

Ferje og fonn 060b
Skondalsfonna er både spesielt høg og spesielt brei, men fare for Sæbø og kyrkja er det ikkje.

                                       -----------------------------


I desse tider vert det gjerne mykje fonnprat i Hjørundfjorden.  Tidlegare i dag hadde eg ein hyggeleg samtale med Arvid Urkegjerde på telefon.  Arvid har rett når han hevdar det i alle fall fram til det siste har vore lite snø i fjella i Bondalsområdet og truleg har han også rett når han hevdar at fonner har gått stort m.a. i Skondalen og Lisjedalen p.g.a. mykje vind denne vinteren.

Og Arvid avslutta sjølvsagt med eit par gode historiet til slutt.  Sikkert velkjende for fleire):

Då butikkeigar Nils Årseth fylte 50, inviterte han til selskap.  Kristian Walseth var ein av gjestane.  Då Kristian kom inn og oppdaga at Anders Hustadnes også var der, kom Kristian med fylgjande kommentar: Å, du har funne deg ei fonntrygg krå, Anders?