Nettportalen hjorundfjord.no har fått tilsendt fleire foto, men er det så alvorleg som det ser ut til?

Ikkje har vi høyrt om noko innbrot i post eller bank, men her ser vi i alle høve ein mannsperson som er iferd med å ta seg inn i eit kvelv med hjelp av det som absolutt må kunne kallast ulovege reiskapar.  Er det nokon som kjenner til dette?  Same kva - denne saka må vi prøve å finne ut av for det ser også ut som om ein elelr fleire gjerningsmann har kome seg inn i ein bank eller postkontor, og det på ein svært så ulovleg måte.

20120125_110103

20120125_113802 (2)


20120125_122018
Og her ser vi at den tunge kvelvdøra er opna - utan tvil på ulovleg måte.

Kom gjerne med kommentarar i feltet under om du veit meir.  Hjørundfjordportalen kjem tilbake med meir når vi har fått vite meir.

                                      ----------------------

Jau, dette er absolutt snakk om eit skikkeleg innbrot - men, får vi tru, av den lovlege sorten.

Bankbygninga på Sæbø var lenge til sals, så slo Siw og Roy Lillebø til og kjøpte bygninga.  Men avd. kontoret Hjørundfjord Sparebank skal framleis halde til i bygninga, i fyrste etage, til lokala der postkontoret var.  For mange år sidan heldt Sparebanken til i første etage og har såleis ein kvelv der, ein kvelv med ei solid dør som visstnok ingen hadde nykel til. Og kva gjer ein bank som vil rydde opp etter seg før ny eigar tek over?   Det måtte ein lokal dynamitt-Harry til.  Under ser du han etter utført oppdrag.

P1010403
Innbrytaren heiter Ivar Svein Mo og er sjef for Hjørundfjordportalen i tillegg til mykje anna.

Som det går fram av fotoa var det ikkje ein heilt enkel jobb, men han slapp å verte uroa av politi.

Diverre viste det seg at det var lite pengar å hente i kvelven, men der var m.a. ein  presse og fleire protokollar.  Huseigar Roy Lillebø, som også har tatt dei fleste fotoa her, har no funne ut at ein person sette inn pengar i banken på den same dagen som det store flyslaget var over Hjørundfjorden.  Det vitnar om stor tiltru til den lokale banken - eller kan det vere mistru til madrassesparing?

P1010399_1 P1010402
Ikkje kontante pengar i kvelven, men protokollar som syner at pengar vart sett inn den dagen i 1945 då det store flyslaget var over Hjørundfjorden.  Til høgre ser vi ei presse som no vert oppbevart i museumslokala til Sparebank 1 Søre Sunnmøre i Volda.  Er det nokon som veit kva ei slik presse vart brukt til?

Vi må vel tru at innbrotstjuv Ivar Svein vart noko skuffa då han ikkje fann pengar i kvelven, eller??  Ei utsegn frå sonen hans Roy Magne kan vel avklare litt:  "Det er greit å kunne fakturere innbrotet når utbytet er så dårleg som det var"

Takk til Roy Lillebø og Ivar Svein Mo for utlån av foto.