Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på dei for å få dei i stor versjon.

_IGP0182bb

Ukjend skientusiast frå Austlandet på veg ned frå Hellefjellet

Ok, Hellefjellet er ikkje noko kjent namn  i Bondalen heller, men så er det  visst namnet Seglet som vert brukt her på den 1240 m høge toppen.  Men du veit nok kvar fjellet ligg - i alle høve om du har gått til topps på Grøtdalstinden frå Bjønndalen.  Då ser du  Grøtdalstinden opp til høgre, Hellefjellet ligg der som ei attegløyme opp til venstre.

Toppen er paddeflat, han er heller ikkje vanskeleg å nå.  Er du heldig og har boka "Skiturar i Sunnmørsalpane" av Hagen og Standal kan du lese om tre enklare variantar til topps.  Men kvifor velje det enkle når det finns trivelegare og meir utfordrande variantar?  Vi, dvs. Fred Ingar Somby og underteikna,  gjekk opp frå nettopp Bjønndalen - etter egga.

Hellefjellet 086 copy _IGP0165b
Til venstre ser du Hellefjellet her frå Årset i Bondalen.  Bjønndalen går opp heilt i høgre Biletkant.  Ruta vi gjekk opp er innteikna med raudt, ruta vi rann ned er innteikna med grønt.  På foto til høgre ser du stort sett heile egga som vi gjekk opp etter.

Startstaden for turen var den same som for den vanlegaste ruta til Grøtdalstinden - Frøland i Bondalen. Vi gjekk  framover til Frøland-heimsetra, eller 40 - 50 m forbi ei ny bru.  Deretter tok vi opp til høgre, opp skogen til Bjønndalen, opp til ei gran som står for seg sjølv.  Deretter var det berre å ta sikte på egga, men det er nok lettare å gå lenger inn-/opp i Bjønndalen og så gå opp til venstre.

 Hellefjellet 010 copy _IGP0163b
 Til venstre:  Eit par stadar på egga var det i hardaste laget på grunn av vind. Det høgste punktet til høgre er Hellefjellet. Til høgre:  Turen opp etter egga er ferdig.

_IGP0153bHellefjellet 014 copy _IGP0158b
Til venstre:  På veg mot egga.  I bakgrunnen den kjende klatreruta på sørvestegga av Blåtindane. 
I midten og til høgre:  Snøskavlar og ulike måtar å ta seg fram på.  Vi gjekk på ski til det stod att 40-50 høgdemeter.  Fred Ingar bar skina til topps, underteikna er meir pinglete og sette dei att.

Hellefjellet 021 copy Hellefjellet 015b

 
Det er ofte eit slit å kome seg til topps på nokre fjell, men kva gjer vel det på slike vakre dagar? På fotoet til venstre ser vi godt dei tre
Grøtdalstindane.

Vêrmeldingane lova ein del vind i fjellet denne dagen.  Vi var heldige og slapp det meste, men då vi nærma oss toppen kom vinden for fullt.  Det var ikkje mange kuldegradene, men er vinden hard vert det fort kaldt.  Opphaldet på det flate Hellefjellet vart av det korte slaget denne gongen.

Hellefjellet 026 copy _IGP0172b
Frå toppen.  På fotoet til høgre ser vi sjølvsagt også Kolåstinden

Hellefjellet 034 copy
Utsikt nedover Bondalen mot Hjørundfjorden.  Legg merke til vinden som bles rundt føtene til Fred Ingar.

Det er som nemnt fleire ruter til topps på Hellefjellet og dermed også fleire ruter ned att.  Vi valde å renne/gå ned att same veg som vi kom opp - dei første 40 - 50 høgdemetrane.  Ein ting som ikkje er nemnt: Ta med isøks, kanskje også stegjarn, om du vil gå heilt til topps etter den ruta vi gjekk.

Vi valde no å renne vidare nedover etter/ved gjelet som heiter Sendefonna.  Her kan det vere svært skredutsett, vurdere ruta nøye med omsyn til skredfare før du tek laust.  Det er ikkje snakk om om Sendefonna går, men når.  Men vi fekk, saman med ein ukjend skientusiast frå Austlandet, ei fantastisk nedrensle.  Sjå fotoa under.

Hellefjellet 053 copy _IGP0188b

Hellefjellet 059 copy copy

Hellefjellet 039 copy Hellefjellet 068 copy
Fotoet til venstre er frå toppområdet.

Hellefjellet 077

Så står det att berre å takke for turen.  Og kankje vurderer du Hellefjellet neste gong du går opp Bjønndalen på veg mot Grøtdalstinden?