Den nye flotte gymsalen vår vil verte flittig brukt, skulen og barnehagen på dagtid, og idrettslaget vil fylle salen med aktivitet på ettermiddagstid.
IMG_2346
Eit spenstig hopp av ein ungdomskule elev.

Salen er som sagt  ferdig, men ein manglar utstyr som er naudsynt for å kunne nytte salen på ein god måte. Som kjent så har Ørsta kommune dårleg økonomi, og vi får desverre lite støtte frå dei til innkjøp av nytt utstyr. Ein prøver no blant anna å skaffe pengar til ei ny scene. Dette skal vere ei elementscene som er lett å sette opp, og ei scene som kan nyttast både inne og ute.

 Nivoflex event (1)
Pris pr. element til ute og innebruk med fast høgde på 80 cm:
kr 5400 pluss moms = kr 6750. I tillegg kjem frakt.

Idrettslaget har fått 50 000 kr frå Sparebank 1 til scena. Vidare har Generasjonskorpset gitt 21 000, Helselaget 6 750,-, Meisterbygg Møre v/ Arild Årseth og Jon Åge Solhaug 6 750,-, Galleri Taklo 5 000,-, har høyrt rykte om meir på veg så dette går den riktige vegen.

Vi voner at vi kan få til ei scene på 40 kvm, men då treng ein meir pengar.

For å få på plass ei slik scene har ein  utfordrar laga i Bondalen til å vere med på eit spleiselag for å få utvida scena.

Foreldreutvalet og Idrettslaget har i samarbeid med skulen laga til ei "smørbrødliste" over utstyr som ein ynskjer seg til den nye gymsalen. Ein håper å kunne bytte ut det mest utrangerete utstyret og aller helst få supplert med litt nytt og fint utstyr. Ein ynskjer seg blant anna vogner på hjul til både ballar og matter.

Så til utstyr har ein fått 20 000,- frå Foreldreutvalet, 18 000,- frå Handballgruppa og       22 000,- fra Barneidretten.

Vi  går ut på denne måten i håp om at også andre vil vere med på denne aksjonen,  og betale inn pengar til kto.nr. 3993.04.21204.

Vi er takksame for alle gåver, både små og store.

For Foreldreutvalet Sæbø skule                     
Aanon Aanonsen