STORFJORDPROSJEKTET.  E39 må bli ei effektiv transportåre frå Trøndelag  til Kristiansand og skal knyte saman fylka vest for Langfjella. Det gjeld både sør- og nordgåande- og intern transport. Det vert ein svært viktig eksport- og importveg  som knyter landsdelen til Europa på ein måte som vi knapt nok har fått med oss. Tre times ferje mellom mellom Sørlandet og Jylland vil bli ein liten revolusjon i høve til omvegen til Oslo med tidkrevande ferjetransport til Tyskland eller Danmark.

Ei god løysing for ein framtidsbasert  E39, er å velje ein vegtrasé som er kortast råd med dei kvalitetar som trengst. Omvegar må vere unntaket og stigningar så minimale at vintertransport er utan  problem.  Kvileplassar  for tungtransport og privatbilar høyrer med .

P1050394

Ein framtidig E39 bør leggast i mest mogleg rett linje frå Kalvatn til Digernesskiftet og med bru over Storfjorden.

Ein akse. Hafast og Fefast er presenterte for Vegdirektoratet, medan eit tredje alternativ, Storfjordprosjektet, er i ferd med å utvikle sitt forprosjekt. Det som gjer det nye prosjektet attraktivt, er fokus på kortaste vegstrekning.  Det er og ein stor fordel med alternativet at det følgjer ein akse som høver godt til indre kryssing av Nordfjord og vegføringa nordover frå Grodås til Kalvatn.  Storfjordprosjektet går dessutan i rett line mot Digernesskiftet, eit knutepunkt som ”alle” må innom. Storfjordprosjektet skal utgreie gode løysingar mellom knutepunkta Digernes – Kalvatn.

Etter mi vurdering ligg beste traséen mellom Digernes- Storfjordbrua - Velledalen – Norangdal –Viddal - Skjåstaddalen og Kalvatn. På begge sidene til denne aksen legg ein matingsvegar frå Stranda , Søre og Vestre Sunnmøre til Kalvatn og Nordre Sunnmøre til Digernes.

Ikkje svar. Storfjordprosjektet  har fjordkryssinga i rett line mot Digernesskiftet. Ein styrer då unna Brusdalsvatnet som er hovudvasskjelde for m.a. Ålesund og Sula.  Det er svært viktig at ein unngår å leie meir trafikk i dei folketette Spjelkavik- og Blindheimområdet. Dette området treng trafikkavlasting i staden for stor auke i trafikken. Det er ein mangel ved planane som er lagt fram tidlegare,  at det ikkje vert  gitt svar på korleis E39 kan tilpassast desse to områda.

Ei rask utgriing. Det er god grunn til å ønskje velkomen ei fagleg utgreiing om Storfjordprosjektet og at dette vert med i det vidare planleggingsarbeidet. Det er varsla at det framleis er opning for nye innspel.  Hafast – og heller ikkje Fefast -bør ikkje få fleire panikkreaksjonar fordi det kjem ønskje om å få denne viktige saka godt utgreidd. Saka er for viktig til å gjere feildisponeringar grunna manglande planlegging.  

Eg reknar med at ei ny utgreiing vil vise til fordelane med å nytte bru over Storfjorden framfor flytebru. I alle høve må ein etterspørje korleis ei flytebru skal dimensjonerast for å stå mot bølgjene i samband med  eit ras frå Åkernesområdet. Dette kan ein ikkje oversjå. I så fall er det snakk om ei alvorleg forsøming.

Muting?  Dagleg leiar i Hafast, Kjell Sandli, presenterte like før jul ei vurdering av E39 si rolle.  Han viser kvar ein finn dei største verksemdene og dei med flest tilsette, og meiner at det må avgjere kvar E39 skal gå.  Det blir mange ”grautsvingar” ved slik vegplanlegging. Sandli  skriv og at vi skal bruke E39 til veg ”til arbeid, skole, barnehage, butikk, flyplass, sykehus, regionsenter eller til fritidsaktiviteter.”  Dette er ein meir som ein omtale av ein lokalveg enn ein stamveg.

Sandli ber om ei klokkeklar støtte til Hafast-sambandet frå kommunane i fylket, fylkeskommunen og regionale næringsaktørar. Og så kjem rosina i pølsa: ”Som motytelse vil Hareid Fastlandsamband A/S bidra aktivt til at vi får på plass et teknisk / økonomisk godt ferjefritt samband over Sulafjorden”! 

Kan vi få vite kva denne motytelsen  eller bidraget er for noko?  Dette er ein merkeleg lovnad som luktar sterkt av muting som det heiter i ordlista. På bokmål kallast det bestikkelse.

”Grautsvingar”. Eg reknar med at uttrykket ”grautsving” etter kvart er kjent for lesarane i ulike avisinnlegg.  Jarle Hole var den første som skreiv om uttrykket i Sunnmørsposten 12.12:  I gamle dagar blei ein sving i Sunnylvsbygda kalla Grautsvingen på grunn av at vegarbeidarane fekk rjomegraut for å legge vegen innom eit gardstun. 

Eg kjenner andre eksempel på meiningslause vegval fordi grunneigarar tilbaud gratis veggrunn berre dersom vegen vart lagt etter visse egosentrerte ønskje.  ”Ordførarsvingen”  er og brukt  i slik samanheng. Dersom framtidig vegutbygging skal styrast av slike motiv, fortener det bruk av uttrykket ”grautsving”.  Det er ikkje slik vi bør bygge opp framtida sitt trafikknett.

Ålesund – Stavanger om Oslo. Sandli raljerer når han i ei artikkel i Sunnmørsposten kan fortelje  oss at kortaste veg mellom Trondheim og Kristiansand går via Oslo. Vi veit at E39 ikkje skal byggast for å vere Trondheim sin veg til Sørlandet. E39 skal vere Vestlandet sin veg både til m.a. Kristiansand og Trondheim.

Kanskje kan vi best forstå behovet for ny E39 vest for Langfjella når ein lyttar til ein langtransportør som fortel at han no køyrer om Oslo når han skal frakte gods mellom Ålesund og Stavanger.  Men sjølvsagt må ein funksjonell E39 vere like effektiv og nyttig til transport over kortare avstandar.

Hovudsaka er, slik eg ser det,  at vegen er så kort og så flat som råd.   Byar, tettstader og bygder skal knytast til stamvegen med matingsvegar, slik andre land sine vegtransportsystem er oppbygde.

Vi må løfte blikket høgare. Ein kan ikkje framstille E39 si rolle som om hovudmålet med stamvegen E39 er å syte for at næringslivet på ytre Sunnmøre skal få ein ny og kort  veg mellom Hareid/Ulstein og Ålesund. Då omtalar vi ein matingsveg eller ordinær riksveg/fylkesveg som gjerne må vere ferjefri – om det er råd. Denne vegen kan ikkje sameinast med oppgåva til  stamvegen som er ”ein nasjonal veg samtidig som bind saman regionar i tillegg til å vere lokalveg for mange” (sitat av statsråd Kleppa.) 

Lære av andre. Eg merkar og ein sterk uvilje hos mange til å innrømme at vi må lære av løysingar som vi ser  i andre land. Ein kan m.a. nemne at Danmark og Sverike sine kunnskapar om brubygging og motorvegar skulle vi ikkje vere for sjølvgode til å lære av. Køyr E-45 og E-39 frå ende til ende i Danmark og spør om du køyrde gjennom ein by.  Knapt nok ser ein tettstader i god avstand frå vegen.  Ein stamveg skal ha god avstand frå der folk bur.

Det er gode nok grunnar til å få denne saka skikkeleg utgreidd slik at det vert fatta eit endeleg vedtak som står på fast grunn.