På med lua Optimist
Torstein Mo Vatne har målet klart - han skal nå toppen av Skårasalen same kva.

Måne
Men vil han nå toppen før det berre er månen som lyser?

Motlys SMS
Det blir nok ein sein kveld før Torstein er heime, sikkert best å sende ein SMS til mamma.

Nesten oppe
Berre sjarmøretappen står att.

Vi har vore heldige og fått denne teksta for medhjelpar og flykaptein Arve Kvistad:

I sommer skulle vi i Kvamsedalen med alle ungane, men Torstein ville ikkje. Han følte det var fulstendig bortkasta dagar. Han ville heller være med kompisane å skate på rampen nede i Ørsta. Etter knallharde forhandlingar vart det til at han blei med likevel. Mot at eg lovte å ta han med på Skårasalen når vinteren kom. Å køyre snowboard frå 1542 m såg han meir meining i.

 Då veret var so fint denne søndagen, og med relativt lite snø tenkte vi at vi måtte få gjordt dette. Vi kom igang litt seint. Bæring av brett/stavar/truger på en ikkje for stor sekk er litt seint å finne ut av rett før en skal gå.. Så vi måtte peise på litt hardt for å nå igjen sola. Vi rakk det akkurat, men ei stund var vi litt motlause begge to.

Det var bratt og toppen virka uendelig langt vekke. Letna litt då vi nådde sola. Og over kneika inn på flata blei det magisk i solnedgangen.

 Det blei for seint og kaldt (safta vår vart til slush) til å ta pause på toppen. Så det var på med utsyret og køyre nedatt. Det er skikkelig vanskelig å ha igjen glidelåser med iskalde fingre, fekk vi erfare. Fin tur nedatt. Snowboarderen flaut so fint oppå det harde, mens 45åringen sakk igjennom i kvar sving.

 

Då vi kom heim laga Torstein denne filmen:

 

http://youtu.be/G9mDF32asvc

Med seg på traktoren - og seinare til fjells, har han flykaptein Arve Kvistad.  Begge herrane bur no i Hovdebygda.  Legg merke til dei fine lysforholda under nedkøyringa.

Eit panoramafoto til slutt

Panorama I