Gymsalen er snart klar for opningsfest og bruk. Torsdag 2. februar vert det opningsfest og vi håper at mange vil kome. Det vert ein stor dag som heile bygda har venta veldig lenge på. Meir informasjon om festen kjem etter kvart.
20.august2007 022
Her er eit bilet frå den gamle gymsalen, den nye er større, lysare og kjempe fin.

Før vi tek den nye gymsalen i bruk til treningar skal vi ha eit informasjonsmøte/ gjennomgang med alle som skal vere ansvarlege for dei ulike treningane og gruppene. Elles held vi på å utarbeide ein skriftleg avtale for bruk og leige av gymsalen. Skulen ynskjer at formalitetane er i orden og at ein har ei felles forståing av korleis vi skal nytte og ta vare på gymsalen vår.

Vi håper at ein kan starte opp med treningar frå og med mandag 6. februar.

Søknad sendast til saboskule@orstaskulen.no eller til Sæbø skule, postboks 2, 6166 Sæbø.