IMGP2379_1
Kokke Sissel Walseth på kjøkkenet på Hjørundfjordheimen
hadde stått på overtid for å lage nysteikt kringle for
servering på møte. Politikarane fekk smake på den gode
maten som vert laga på kjøkkenet dei vil legge ned.

Møteleiar Synnøve Rekkedal Hill opna møte presis kl. 19.00 og ynskte alle velkomne og spesielt at ordførar hadde teke seg tid til å møte. Ho kunne tilby kaffe og nybakt kringle frå kjøkkenet på Hjørundfjordheimen.
Møte var opplagt slik at dei frammøtte skulle få ei grundig orientering om kva Hjørundfjorden har av kvalitetar.

Møteleiar gjekk fyrst ut med ei generell orientering om Hjørundfjorden si positive utvikling.

-Vi har det siste året fått klarsignal om at Hotell Union på Øye skal utvidast med 100 million og verte heilårshotell og Sæbø hotellet skal opprustast og også her gje nye arbeidsplassar til bygda. Familien Olsen satsar friskt på turistnæringa no, etter vi har vorte kvitt trusselen frå flodbølga. Rekkedal gjestehus har vorte gjennom hardt og målbevisst arbeid eint topp serveringsplass for heile landet med gjester frå heile verda.
StatenVegvesen held på og avslutte arbeidet med ny ferjekai og vi står klar for å innvie ny gymsal og  vi har fortsatt legekontor, og på Sæbø ligg ein av dei beste sjukeheimane i landet. Samtidigt har vi flotte kulturminner som vi kan vise fram til turistar som kjem til bygda. Ho nemnde Bakketunet på Bjørke frå 1549 som Riksantikvaren no har teke hand om. Kulturvernlaget har også teke tak i for i bevare ein av dei siste internatskulane i landet som ligg på Stavset, avslutta Synnøve

IMGP2366_1

Helsetilboda er avgjerande for busetninga.

Då var det Marit Riise Olsen sin tur å ta politikarane i skule med helsesituasjonen for både folk og kommune i fortid, notid og framtid med kommunalt ansvar for den nye Samhandlingsreforma.
-Hjørundfjorden har hatt legekontor frå 1916 og det er nesten 100 år med lege. Legstillinga i Hjørundfjorden har vist seg å være svært populær for unge legar då  naturtilboda ligg til rette rett utanfor døra, og vi har i dag ein lege som ynskjer å jobbe her. Når vi ser på innføringa av den nye Samhandlingsreforma så trengst her utbygging av legetenesta og 2000 nye legar på landsbasis fram til 2015 som i dag ikkje finst. Mykje av arbeidet til legane går til papirarbeid og legane vert ansvarleg for å bestille pasientreiser, etter nokre firkanta og tidkrevjande reglar. For folk i utkantane med dårleg busstilbod vert det brukt oppsamlingsdrosja, men vert ein ikkje ferdig med legen når turen går skal pårørande ta seg fri for og hente sine då?- spurde Marit.
Misser Bjørke legetilbodet sitt, vil ein kunne rekne med at pasientar i Bjørkeområdet vil gå over til fastlege i andre kommuner, og meiner Ørsta-kommune at dette er greitt?
Samtidigt vil det oppstå situasjoner der det er tvil om ein pasient skal leggast inn på sjukehus og då er det kommuna som er ansvarleg å ta hand om personen til det er avklart.
Vil ikkje eit demokrati være å høyre på folket? – spurde Marit politikarane.

Hjørundfjordheimen er den beste arbeidsplassen når det gjeld sjukmeldingar  i Ø.kommune.

trivselshelg_urke_0111
Eldrid Øye er avd.
sjef på Hj.heimen

Eldrid Øye er avdelingsleiar på Hjørundfjordheimen og leiar i Urke grendalag og kjenner godt til konsekvensane heimbygda vil få ved å misse legen i Hjørundfjorden og ved ei nedlegging av kjøkkenet på arbeidsplassen hennar..

- Eg har fått i oppgåve å presentere ein del fakta-opplysningar som dokke som politikarar ikkje får i sakspapira før vedtak skal gjerast, starta Eldrid med.
-Ørsta kommunestyre har gitt Rådmann pålegg om å legge ned kjøkkena på Vartdal og på Sæbø, dersom det er pengar å spare på det.
Dette har vore rekna på før med ulike resultat. Siste  melding frå Helse og Sosial er at det tidlegast skal gjerast etter 1.mars, grunna i at det må tilsetjast ein ny sektorsjef fyrst. Slik eg og mange andre ser det har det ingenting med kven som er sjef i sektoren å gjere, det er fagpersonar innan kjøkken og økonomi som må utføre slikt arbeid.
Desse tala må vi vente med, men våre synspunkt og argument går på om ulempene og tapa ved å legge ned kjøkkenet ikkje er meir VERD enn for eksempel 2-300.000 kr. på kvar av plassane.

Transport blir utfordringa, fleksibilitet blir største tapa.


Middagstidene må truleg forskyvast i kvar si retning på Vartdal og Sæbø. Dette kan utløyse behov for ekstramåltid pga for lang tid mellom måltida. Maten må være ferdig min. 2 t. før servering, noko som opplagt gjev redusert kvalitet vedk. smak og næringsinnhald.

Dette går dårleg i hop med stortingsmelding om ernæring som kom i 2009, der slike verdiar er sterkt vektlagt. Jamfør tilsyn i Hbo 2010 der Ørsta kommune fekk 2 avik av 2 mulige. Både tilsette, særleg leiarar og politikarar har ansvar for rutinar som harmonerer med vedtekne krav. Det er ikkje anledning til berre å ta omsyn til økonomi og synse og tru resten.

På Hjørundfjordheimen ligg kjøkkenet vegg i vegg med stova og matsal for pasientar 1. etg. Det har vore arbeidd med å få betre ventilasjon frå kjøkkenet i mange år, mangel på pengar har ikkje gjort dette mogleg.
I dag fyller rom og gangar seg med lukt av nysteikt brød, vafler, osv. Steikt bacon vitnar om balledag. Dette på ”godt og vondt” som i ein heim.

Kjøkkensjefen på Ørstaheimen er einige i at det betyr mindre for Ørstaheimen om kjøkkenet ligg utanfor huset, dette pga størrelsen på institusjonen. Verken pasient eller tilsette har same forholdet til kjøkkenet som på mindre institusjonar, dvs heim. Her er Hjørundfjordheimen eit svært godt døme.

Eldrid kom med ein kraftig apell til dei framøtte:

-Godt folk, dette er viktige opplysningar !

Også i dag har vi døyande kreftpasientar sjukeheimen som er avhengig av å få mat dei har lyst på der og då, viss dei skal få i seg noko, såkalla ynskjekost.
Samhandlingsreforma krev at vi skal ha betydeleg fleire av denne type pasientar, og mange yngre i denne fasen.
Dei har krav på og rett til ynskjekost. Utan kjøkkenet vil dette verte vanskeleg for ikkje å seie umogleg.
I slike situasjonar er det viktig å kunne gje service til dei pårørande. Mange kjem langvegs frå for å være hos sine, siste tida. Det å kunne tilby dei pårørande middag etter behov betyr mykje.
Det at pårørande er hos pasienten i ein slik fase sparer fastvaktbudsjettet og ikkje minst aukar tryggleiken til pasienten, - og dei tilsette i denne viktige fasen.

I dag får pasientane på Hjørundfjordheimen nybaka kaker til kaffien. På gebursdagen til den enkelte pasient blir det laga blautkake som alle i den avdelinga får glede av.

Nye pasientar kjem på kort varsel og det er ikkje alltid listene er oppdaterte. Ved henvenndelse til kjøkkenet blir heimbaka kakebotn frå frysar henta fram og kake er ferdig pynta til kaffitid same dag.

Kjøkkenpersonalet på heimen hjelper til ved måltida, særleg frukost 1. etg. Der er det dagar med berre to pleiarar til 19. pasientar. Dei dekkar borda og tek imot og hjelper pasientar etter kvart som dei kjem til frukostbordet. Også til middag er kjøkkenpersonalet aktivt med, under måltidet. Kutter ein her kjem det fort behov for auke på pleiesida.

På dei fleste arbeidsplassar i våre dagar har ein ei kantine. No har personalet på Hjørundfjordheimen høve til å kjøpe middag, ved levering frå Ørstaheimen vil det ikkje fungere i praksis. Ulik behandling pga å bu i utkantstrøk.
Ein kan gå inn på Hjørundfjordportalen og lese om trivselstiltaka som heimen set i gong for dei eldre.

Til slutt kom Eldrid med med synspunkt på Sjukefråværet.

- Det er hevda at Hjørundfjordheimen har det lågaste fråværet av alle arbeidsplassar i Ørsta. Argument som trivsel, medbestemmelse, nærheit til leiing og nærheit til dei som tek imot tjenestene skal være viktige faktorar.
Eigarforholdet til arbeidsplassen slik vi har det i utkantane gjer at ansvaret for å gjere det beste utav alle situasjonar vert eit felles mål.

Dessverre har sjukefråværet i desember og januar dobla seg hos oss. Om det her også er faktorar som skuldast utryggleik og frustrasjon veit kanskje ikkje dei som er sjukmelde heller, såpass innfløkt kan slike situasjonar vere.

Eg har jobba med sjukefråvær i mange år no og har framleis tru på at det nyttar. Likevel ……
Om vi på Hjørundfjordheimen nærmar oss 0% vil ikkje tala i kommunstyretvedtaket, ei innsparing på 3-12. millionar innan 2015 vere mogleg å oppnå. Dette er sjølvsagt min påstand, - sa Eldrid.

-Mitt spørsmål til slutt til dokke politikarar:

Er  det rett å velje vekk desse argumenta som er framlagde her for å spare 2-300.000 som skal brukast til fleirbrukshall??

Er det rett å prioritere unge, friske sine FRITIDSYNSKJER framfor eldre og sjuke sine BEHOV??

Min spådom er at innsparingane mht sjukefråværsarbeidet, omorganisering av leiinga på sjukeheimane og nedleggelse av kjøkkena ikkje vil verte slik vedtaket er, det vil mangle mykje på det.

Fleirbrukshallen må derfor utsettjast til ein er villig å innføre eigedomskatt.

Dersom kjøkkena og legekontor då er nedlagt HAR VI ALLE TAPT!!!

-avsluttar Eldrid til applaus.

IMGP2370_1

Ordførar Rune Hovde(H) forklarte om den vanskelege økonomiske situasjonen Ørsta kommune, no er opp i.


Fleirbrukshallen har ikkje noko med nedskjæringane.

Ordføraren fekk då ordet og takka for invitasjonen og var glad for at møteleiar hadde teke fram alle dei positive sidene som no skjer i Hjørundfjorden, og han sette pris på den gode og saklege informasjonen han hadde fått, men det er direkte feil å blande inn fleirbrukshallen i Ørsta inn i dette reknestykke.- sa han.

- Vi er pålagde av Fylkesmannen å spare inn 13 millionar dette året og neste åra 23-25 millionar før kommuna er friskmelde og kan på ny ta opp lån. Fleirbrukshallen kjem ikkje på budsjett før vi har klart dette. Innstrammingane må gjerast på ein slik måte det ikkje rammar dei svakaste.
Politikarane kan ikkje detaljstyre administrasjonen som er tilsette til å styre økonomien i kommuna. Vi er berre nøydd til å ta dei grepa som trengst og at det rammer einkvan, er ikkje til å unngå, og ikkje vond vilje frå politikarane. Kanskje om 2-3 år har vi fått kontroll slik vi får att handlingsfridommen- avslutta ordføraren i denne runda.

Dette må kvalitetssikrast ellers er det berre galskap.

HAns Olav Myklebust_1
Hans Olav Myklebust (frp)


Hans Olav Myklebust (Frp) takka for invitasjonen og var glad for at eit slikt møte kom i stand. - Dialog med politikarane er viktig for utviklinga i distrikta, - sa han.
-Frp vil jobbe for at Hjørundfjorden skal ha ei god utvikling med arbeidssplassar, ein god skule, barnehage, Hjørundfjordheimen, gode kommunikasjonar, betre busstilbodet -kanskje med eit spleiselag for fleire avgongar, god beredskap med skyssbåten. Det er viktig at kommuna støttar og hjelper til med lag og organisasjonar. Budsjettet for 2012 gjev kutt på 3 arbeidsplassar ved sjukeheimen samtidig vil nedlegging av legekontoret gje reduksjon i utgiftene for kommuna. Men reknestykke  må kvalitetssikrast elles er det berre galskap å gjennomføre- avsluttar Hans-Olav

Sæbø legekontor gjev 1,3 mill i inntekt til kommuna

Hjørundfjorden sin tidlegare politikar for Ap hadde medkjensle for den vanskelege oppgåva dei har no ved å få budsjettet i mål. Men ved å kutte legekontoret og kjøkkenet ved Hjørundfjordheimen vert heilt feil sa Bodil.
- Det kostar Ørsta kommune 700.000 i året å lønne Hjørundfjordlegen Sjur, og sekretær og andre kostnad er 300.000 i året. Dette får Ørsta kommune 1,3 mill frå staten og dermed er der 300.000  i overskot.
Ved å legge ned sjukeheimskjøkkenet sparer ein 2-3 stillingar på kjøkkenet, men 2,5 stillingar må tileggast til i sjølve heimen for gjere det arbeidet kjøkkenpersonellet gjer, og  kvar er då den store innsparinga som kommuna snakkar om? – spurde ho ordføraren.

Paul Kristian Hovden_1
Varaordførar Paul Kristian Hovden

Paul Kristian Hovden(Krf) var einige med Eldrid si framstilling av fakta, men var ikkje einige allikavel. Vi har levd over evne dei siste ti åra og Fylkesmannen krev at Ø.kommune tek grep, samtidig som overføringane frå staten minkar, så vi har ikkje råd å satse på legekontor på Sæbø. Legedekninga i Ørsta er no på 11,7 årsverk pr. titusen innbyggar og det er betre enn Volda.
- Når det gjeld fleirbrukshallen i Ørsta er påstandane som kom fram her direkte feil og har ikkje noko med innstrammingane å gjere. Og når den tid kjem så er det ei god innvestering for kommuna ved at Ørsta får ein slik hall som kjem tilnytte for 1000 elevar. Sæbø har fått sin hall med berre 84 elevar- sa vara- ordføraren.

Den siste påstanden om fleirbrukshall på Sæbø vart sterkt imøtegått av møtedeltakarane frå Sæbø. Dette er ein gymsal som kommuna er lovpålagde å bygge og ingen fleirbrukshall!

Ola Perry Saure(SP) var skeptisk til vedtaket Ørsta kommune hadde gjort og det må kontrollreknast av administrasjonen og vil det vise seg at her er feil så må vedtaka omgjerast.
Nå det gjeld legedekninga i Hjørundfjorden så viste han til det den tidlegare Rådmann Hovden hadde sagt; Ein frisk 90-åring på Viddal gjev dei beste innbyggartilskota for kommuna. Ved at kommuna kanskje misser folket til fastlegar i andre kommuner vil gje kutt til Ørsta, -sa Ola Perry.

Marit Riise Olsen kom med opplysningane om at ei pasientreise Øye-Ørsta-Øye vil koste 3000 kroner og 1600 tur-retur  Sæbø. Har ikkje Ørsta kommune betenkelegheiter å legge slike kostnader på Staten? Busstilboda mellom Sæbø og Ørsta er så dårleg at heile dagen vil gå for ein pasient som skal til Ørsta for ein enkel kontroll ved legen.

Sørheim (H) svara at dette er noko som er vanleg og han såg ikkje på det som noko problem. Problema med å reise til Ørsta meinte han var ikkje noko meir for Hjørundfjorden enn han sjølv og hans familie som bur like over Eidet i Vatnebakkane. Det var så mange andre fordelar med å få til ein stor helsestasjon at dette måtte folk tole.

Gunnar Knudsen kom med forslag om at det måtte sjåast på lenger opningstider på helsestasjonen når det vart fleire pasientar, noko som fekk  Sæbø sin  helsefagperson Marit Riise Olsen til å tende på.
– Legane hadde ikkje tid til noko lenger dag då dei i dag måtte ta kontorarbeid på kveldstid- sa ho.

Ordføraren forsvarte vedtaka om nedskjæringar, men etterlyser alternativ. Han har tilgode å høyre korleis dei elles skal få til innsparingane.
-Vi har ikkje berre kutta sa ordføraren. Vi har styrkt budsjette same kor lite råd vi har til det.

Vi har tilført 2012 budsjettet 2,5 mill til heimebassert omsorg, gjenninnført pausestasjon for ungdom, 0,5mill til Bakk-Ola marka, 0,5 mill til Hamna dagsenter

Marit Riis Olsen_1
Marit Riise Olsen er ein av
helsefag-personane til Sæbø

og 0,5 til Ørsta-heimen. Vi skal legge ny asfalt for å spare framtidige vedlikehald, bygge ungdomsbustadar bl.a i forbindelse med sjukeheimen på Sæbø.
Dette vil utgjer 20 nye stillinga i Ørsta kommune. Han beklaga at budsjettet ikkje kom for dagen det siste kommunestyremøte føre jul 2011

Marit Riise Olsen kom med ein kraftig replikk til ordføraren om at han kravde at vi i distrikta skulle kome med forslag om korleis budsjettet skulle kuttast.
-Kommuna har rådmann og fagfolk i etatane som sit med alle tala og det skulle berre mangle at dei ikkje skulle gjere jobben for politikkarane- sa ei svært så opptrekt Marit.


Etter nesten to timar hektisk møte var både ordførar og møtelyd nokså tome for argument og ordførar garanterte at Ørsta kommune tek ansvar for at alle innbyggarane i kommuna skulle få den legetenesta dei hadde krav på, etter ei evnt nedlegging av legekontora. Ved ein felles helsestasjon vert det større fagleg tyngde blant legane.

Mykje av det som har kome ut er uheldig for saka og han kunne ikkje noko for at media skriv det som passar seg. Han var mest oppteken å bruke arbeidsdagen til å løyse saker, enn å lage store avisoppslag.


IMGP2372_1

Hanne Stokke (Ap) som er ny i kommunestyret og medlem i Formannskapet fortalde om si erfaring som sommarhjelp på Hjørundfjordheimen og beklaga kommunestyret sitt vedtak.

IMGP2373_1

Maten som Sissel på kjøkkenet hadde laga spesielt til dette møte smakte godt og gjorde ei god stemning rundt bordet. Sigve Aklestad beklaga at maten hadde vorte kald, så ordføraren skjemta med at han kunne ta den med til Ørsta og varme den oppatt.

IMGP2375_1 IMGP2376_1
Det hadde møtt opp tre personar frå Vartdal Pål Heggestad(Frp) takka for at han fekk kome  og sa at dette møtet kunne like gjerne vore på Vartdal. Vi er i akkurat same situasjon der ute.

Etter at dei som ynskte det hadde fått sluttreplikk, kom varaordførar Hovden med ei kraftig oppmoding om at kaihusveggen på nyttårsafta måtte ta eit redaksjonelt ansvar med det som vert hengt opp, og ikkje spisse til sakene slik det berre laga konflikt.